Ikke fjern retten til hjelpemidler i Folketrygden!


Gjest

/ #329

2015-05-20 10:03

Har i 13 år vore vitne til korleis foreldra til funksjonshemma barn må kjempa for å få den hjelpa dei har krav på i kommunen. Dette skuldast først og fremst dårleg kommuneøkonomi, men også stor mangel på samarbeid og vilje til å sjå trongen for hjelp hos den enkelte. Det seier seg sjølv at kommunar med dårleg økonomi ikkje kan påta seg fleire oppgåver som krev pengar og kompetanse, då vil det bli endå verre for desse som er avhengige av hjelpemiddel og deira pårørande. Kampen med det offentlege og den svake økonomien der, manglande kompetans og vilje til å hjelpe, tyngjer dei handikappa, så dei vert endå meir hjelpelause, slitne og kjenner seg som ei byrde for samfunnet. Kva menneskeverd legg staten Noreg opp til med ein slik politikk? Ikkje overlat fleire oppgåver til kommunane ,så lenge dei ikkje greier å løysa dei som dei no har, på ein god måte til beste for brukaren.