Natur uten motordur!


Gjest

/ #25

2014-12-09 10:32

Mitt nei til liberalisering av motorferdsel i utmark handlar om noko meir enn mitt private ønskje om å gå på ski utan motordur. Det handlar om naturens eigenverdi, og behovet for å la noko vera urørt. Dei firbeinte hardhausane som overvintrar i vinterlandet Norge treng område der vi ikkje kjem til - og spar meg for kommentarane om at dyr blir meir skremt av ein skiløper enn av ein scooter. Jada, det stemmer nok at dei spring først når du stansar og går av scooteren, men mange flyktar lenge før VI ser DEI!!! Med enklare tilgang til stadig større område i utmarka for oss, blir dei fredelege friplassane for villreinen, fjellreven og alle dei andre artane stadig mindre. Vi har ansvar for å bevare urørt natur for generasjonane etter oss.
DET ansvaret har miljøvernministeren, regjeringa og "miljøpartiet" Venstre tydelegvis gløymt...