BEVAR KONTANTSTØTTA!

KF_logo_2,5x3cm_300dpi.jpgPOLITIKARANE VIL IGJEN KUTTE UT KONTANTSTØTTA, DETTE MEINER NORGES KVINNE- OG FAMILIEFORBUND VERT Å TA IFRÅ FORELDRA EIN VALFRIDOM OG VI MÅ FÅ STOPPA DETTE!  

Bevar kontantstøtta for å gje foreldra valfridom til det beste for barnet!  

SKRIV UNDER DERSOM DU ER EINIG MED OSS! SAMAN VERT VI STERKE!        

Bevar kontantstøtta!   Nok ein gang må vi ut og forsvare kontantstøtta. Formålet med kontantstøtta var å gje foreldra ein reel valfridom i omsorgsform for eigne barn. Det at politikarane ikkje evner å sjå kva som er det beste for barnet er skremmande. Det at likestilling, arbeidslinja og integrering skal vere viktigare enn kva som er best for barnet, og det er snakk om eit år frå barnet er 12 til 23 månader. Når forsking frå fleire fagfelt har påvist at den fysiske kontakten mellom mor og barn, amming, fars nærvær og dei banda som barnet knyt til sine næraste dei tre første åra har avgjerande betyding for barnets trivsel, helse og utviklingsmogelegheiter. At små barn i barnehagen har auka stresshormon, og at ved å utsette dei minste barna for vedvarande stress, risikerer ein å stresse dei for livet. Dette burde få politikarane til å tenke seg om.   Det å gjere kontantstøtta om til ventestønad fram til ein får barnehageplass passer for nokon, men ikkje for dei foreldra som meiner at barnets beste (ny forskning) er det som er viktigast. Politikarane bør evne å sjå at vi er forskjellige, mange foreldre meiner det er for tidleg å sende barna i barnehagen som eitt åringar. Det skal vi respektere! Argumentet om at mødrer med innvandrarbakgrunn bør komme seg ut i jobb framfor å ta imot kontantstøtte, er og noko vi undrast over. Når vi tar i mot familiar frå andre kulturar, må vi ha respekt for at de har andre måtar å praktisere barneomsorg på, og heller legge til rette med møteplassar og tiltak som vert til det beste for familien. Og kvar er alle disse jobbane for mødrene som det snakkast om?   Kontantstøtta er ikkje ei bakstreversk ordning, men har vore med på å gje foreldra ein valfridom. Ein valfridom som no mange av politikarane vil ta vekk.   I ei tid som det vert født færre barn, bør vi ikkje ta vekk valfridomen til foreldra, men heller legge til rette for meir valfridom.  

Vi må gje barna ein betre start- ny forsking krev ny politikk! Skal vi sikre barnas helse, utvikling og trivsel, må vi begynne med å styrke fødsel- og barselomsorg, forlenge foreldrepermisjonen, vidareføre kontantstøtta og utsette fulltids barnehage. Dagens familiepolitikk overser barns behov! Ideologi, kortsiktig økonomisk tenking og oppfatningar om at tidleg barnehagestart er eit udiskutabelt gode, har styrt dei politiske vala. Det er barnets behov som skal komme i første rekke , og ein bør heller legge betre til rette for dei foreldra som ønskjer å vere lenger saman med barna sine enn det som er mogeleg i dag og kontantstøtta må vernast fram til ein betre stønad for barnefamiliar er på plass. Og ventestønad er ikkje ein betre ordning!   Barnekonvensjonen forlanger i artikkel 3.1: Ved alle handlingar som gjelde barn, enten dei føretakast av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgjevande organ, skal barnets beste vere eit grunnleggande omsyn. Barnekonvensjonens intensjon er nedfelt i Grunnlova.  

Tida er inne for eit `Barneforlik`- eit forlik på barnets, ikkje arbeidsmarknadens premissar.   Bevar kontantstøtta for å gje foreldra valfridom til det beste for barnet!  


Aina Alfredsen Førde, Norges Kvinne- og familieforbund    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Aina Alfredsen Førde, Norges Kvinne- og familieforbund fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke telefonnummeret ditt offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...