Bevar barnehagen i Valestrand!

Bevar barnehagen i Valestrand!

 

Rådmannen i Sveio har føreslått å legge ned barnehagen i Valestrand. Det er no ein gong rådmannens jobb å finne ut kor kommunen kan spare pengar, så det er greitt. Men dei kronene ein sparer her er lommerusk mot det ein tapar. Ei rasering av barnehagen vil vere dramatisk for ungane, foreldra, dei tilsette, og for bygdene i nord. 

 

Sveio kommune har sjølv lagt opp til desentralisering og spreidd butsetjing i dei kommunale planane gjennom mange år. Ei nedlegging gjer at 27 småbarnsfamiliar i Valestrand må tilbringe eit titals ekstra timar i bil kvar veke. Dette er familiefiendtleg, miljøfiendtleg, og negativt for barna som i dag nyttar desse timane til læring, leik og aktivitet. 

 

I Førde er det ikkje plass til alle ungane frå Valestrand, og fleire må kjøre vidare til Sveio. Kommunen kan òg måtte kjøpe plassar på Stord og Bømlo, men det er langt frå sikkert at det er plass der. 

 

Rådmannens forslag er heller ikkje utprega økonomisk. I hans eigen barnehagebruksplan står det at ei nedlegging av barnehagen i Valestrand vil auke skulen sine utgifter med 30%. Då står skulen lageleg til for hogg neste gong det skal kuttast. 

 

Vidare skriv rådmannen at «det er òg andre argument for å behalde barnehagen. For det første vil det vere ei ulempe for barnefamiliar i Valestrand krins å ikkje ha barnehageplass i nærområdet. Det vil og kunne ha konsekvensar for vekst og utvikling av lokalsamfunnet, då potensielle tilflyttarar legg vekt på nærleik til skule og barnehage. Det er og eit føremon at desse er samlokaliserte, då dette gir gode moglegheiter for samarbeid mellom barnehage og skule, både ved felles bruk av personale og for fagleg og sosialt samarbeid mellom barnehagebarn og elevar. Søkartala frå hovudopptaket 2016 viser gode søkartal til Valestrand oppvekstsenter avd. barnehage. Etter første opptaksrunde (februar 2016) har ikkje alle einarsøkarane fått tilbod om plass.»

 

Rådmannen har altså sjølv mange gode argument mot nedlegging. Hovudgrunnen til at han foreslår å legge ned barnehagen i Valestrand er at den i dag er dyrast i kommunen. Eit barn i Sveio krins «kostar» 93 300, medan Valestrand ligg på 95 000. Dette kjem av at pedagogtettleiken i Valestrand er ørlite større. 

 

Men me veit kva som skal til for å gjere Valestrandungane billigare i drift! I mange år har me ønskt å utvide barnehagen med ei utegruppe. Lavvoen står allereie klar. Med ei slik utegruppe vil barnehagen klare seg med dei pedagogiske ressursane den har i dag, og prisen per barn vil dermed gå ned. 

 

I år etter år har me purra kommunen for å få søknaden behandla, men søknaden ligg framleis i ein bunke på kommunehuset. Det framstår som litt underleg at det er enklare å rasere heile tilbodet enn å utvide med ei utegruppe som vil gjere Valestrand rimelegare, og attraktiv òg for barn utanfor krinsen. 

 

Den 23. mai skal kommunestyret behandle saka. Barnehagen er svært viktig for lokalsamfunnet både når det gjeld trivsel, tryggleik og tilflytting. Skriv under på oppropet og ver med å slå ring rundt barnehagen i Valestrand!

 

Venner av barnehagen i Valestrand


Venner av barnehagen i Valestrand    Kontakt personen bak underskriftskampanjen