Berekraftig bruk av natur, bulyst og levande bygdesamfunn.
Støtte til Glacier Gondol, prosjektet som både ivaretar naturen og bygda Jølster.
Naturen vår er ein uvurderleg skatt – både som identitet, livsgrunnlag og opplevingsrom. Eg meinar det er mogleg å kombinere vern og bruk, og at framtida ligg i styrt, berekraftig utvikling som gjer naturen tilgjengeleg for fleire – utan å øydelegge det vi set så høgt.
Gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden, som no er i søknadsprosess, er eit døme på nettopp dette. Med universell utforming, låg miljøpåverknad og styrt turisme som grunnpilarar, opnar dette prosjektet for at fleire – uavhengig av alder, fysisk form eller føresetnader – kan få oppleve storarta natur på nært hald. Det handlar ikkje om å ta noko frå dei spreke toppturentusiastane, men om å gi eit tilbod til andre også: barnefamiliar, eldre, rullestolbrukarar og alle som ikkje har moglegheit til å ta seg opp fjellsida på eiga hand.
Kvifor skal ikkje vi tilby våre gjennomreisande turistar, i sekssifra antal - og oss sjølve – ei spektakulær oppleving i nydelege Jølster? Turistane kjem her i ulike framkomstmiddel, enten i privatregi eller i organiserte turar med buss eller båt. Desse køyrer forbi, enten i tunnel eller langs skogkledde vegar, dessverre utan å få moglegheit til å oppleve naturen vår på ein spennande måte. Eit tilbod som å komme opp i høgda på randen av fri og freda natur, veit eg er ettertrakta blant desse. Samarbeid med ulike aktørar med riktig og viktig info om både klimautfordringar og nytten av naturressursane vil bli godt mottatt.
Kvifor skal det berre vere dei med best helse og utstyr som får oppleve utsikta frå høgdene? Loen og Åndalsnes har vist at det er mogleg å kombinere gondolbaner med frittgåande ferdsel i same område – med respekt for både natur og kvarandre. Dette handlar ikkje om å stenge folk ute, men tvert imot: å opne opp.
Vi ser at prosjektet kan bidra med langt meir enn utsikt. Det vil skape ringverknader: arbeidsplassar, ny aktivitet, liv i bygda og framtidstru for regionen. Vi har lagt bak oss mange tunge kampar for å bevare skular og offentlege kontor – kampar vi ikkje ynskjer å måtte ta igjen. Men då må vi òg finne nye løysingar som faktisk skapar aktivitet og arbeidsplassar i bygdene, samt fylle barnehagar og skular. Dette saknar vi ofte i argumentasjonen frå dei som seier nei til ulike prosjekt.
Når ungdom ser at det finst håp om å bu og jobbe heime, og når reisande får grunn til å stoppe i staden for å køyre forbi – då byggjer vi ei framtid saman.
Eg prøvar sjølv å delta på det som skjer i bygda, til støtte for dei som har engasjement for ei levande bygd, og vil vere med å forme ei positiv framtid, der ein tek vare på både folk og natur – og der fleire får ta del i dette. Difor seier eg ja og støttar Glacier Gondol, og ynskjer at avgjerdene som skal takast no, blir framtidsretta og inkluderande.
Er du er einig med meg ? Då kan du signere oppropet og gjerne dele dette på ulike media.
Andrè Dvergsdal Kontakt personen bak underskriftskampanjen