Opprop.net

Ja til at Awa Rahimpour og dei andre 22 iranske kvinnene skal få varig opphald i Noreg - Awa United

A Awa United ·

Signer oppropet og sei;

Ja til at Awa Rahimpour og dei andre

22 iranske kvinnene skal få

varig opphald i Noreg.

Awa United ber den norske staten om å offisielt anerkjenna forverringa av rettane til kvinner i Iran, og at desse 23 iranske kvinnene som i dag oppheld seg i Noreg treng vern og må innvilgast varig opphald i Noreg.  

Det eksisterer ikkje ein utleveringsavtale mellom Noreg og Iran. Det er 23 iranske kvinner i Noreg i dag som har flykta frå Iran til Noreg, men som ikke har fått innvilga opphald. Dei lever i limbo med 2000 kroner til å leva av kvar månad og utan rett til å koma seg vidare i livet. Dette er ein fortvilande situasjon for desse kvinnene. Dei er fastlåste mellom eit land dei ikkje kan returnera til, og eit land som ikkje vil ta dei i mot.

Awa Rahimpour er ei 28 år gamal kvinne frå Iran som flykta frå heimlandet sitt i 2019. Ho hadde då fleire gonger blitt arrestert av moralpolitiet og hadde opplevd trakassering frå lærarar, menn på gata, og politi – og til og med av slektningar. «Då eg nekta å adlyda så kunne dei banka meg opp - utan at nokon greip inn», fortel Awa.

Awa seier ho har vorte undertrykt og trakassert heile livet sitt. Ho vart tvungen til å vera stille, skjult og alltid under streng kontroll. Moralpolitiet tok bilde av ho og registrerte ho som ein kriminell. I tillegg til å vera kvinne er Awa og kurdar – noko som førte til ytterlegare diskriminering.

Etter at Awa Rahimpour kom til Noreg, har ho fått mange venner og engasjert seg i lokalsamfunnet som frivillig i Røde Kors som tolk, Norsk Folkehjelp, Stord fotoklubb, Berekraftvekene på Stord og den lokale 8. mars-komitéen. Ein periode hadde ho òg løyve til å jobba, og arbeidde for Bakeri Roleghaugen på Stord.
 
Awa Rahimpour er utdanna industridesignar, og draumen hennar er å bli proteseingeniør og hjelpa dyr og menneske som treng hjelp.
 
 
 
Vi håpar du vil støtta kampen for at dei 23 iranske kvinnene som i dag oppheld seg i Noreg skal få koma seg ut av den fortvilande og fastlåste situasjonen dei er i, og koma vidare i livet.

 

Underskriftsaksjonen er organisert av Awa United. Det er ein ideell organisasjon starta av vener av Awa Rahimpour, for å arbeida for at Awa Rahimpour og dei 22 andre iranske kvinnene som lever i uvisse i Noreg skal få varig opphald.  

Awa United arbeider for å informera om den umoglege situasjonen til 23 iranske kvinner som oppheld seg i Noreg. Desse 23 kvinnene er i Noreg utan opphaldsløyve, og utan moglegheit  å returnera til Iran. 

 

Les meir her: https://www.awaunited.com/ 

Følg saka og arbeidet til Awa United: https://www.facebook.com/profile.php?id=100086628661733

Kontakt: [email protected] 

 

Del denne underskriftskampanjen

Hjelp denne underskriftskampanjen å få flere signaturer.

Lim inn lenken i en melding og send den til venner som kanskje vil signere.




Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 6,000 personer.

Lær mer ...

Velg budsjettet ditt
Betalingsmåte
PayPalGoogle PayApple PayMobilePayKredittkort

Velg en betalingsmåte for å fortsette.