Opprop for å avslutte løsarbeiderordningen i Den kulturelle skolesekken (DKS)!

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Kunngjering om Oxford Research si utgreiing av DKS og evaluering av Kulturtanken

2023-04-22 10:47:49
Oxford Research har i sin evaluering av sin tidlegare oppdragsgjevar Kulturtanken brukt data frå Kulturtanken og kvalitative intervju av Kulturtanken til å spør om Kulturtanken er effektivt styrt. Konklusjonen er såleis ikkje overraskande forutinntatt, og skyv ein agenda som held det totale biletet skjult. Dette er slett evalueringsarbeid, og svarer ikkje på anbudet frå Kulturdepartementet.

 

 

 

Vidare utgreeing for spesielt interesserte:

 

 

 

Bakgrunn

 

31 mars la Oxford Research fram sin rapport som skulle utgreie DKS og evaluere Kulturtanken. På anbud frå Kulturdepartementet var hensikten med rapporten å utgreie kva konsekvenser dei strukturelle endringene som blei gjort med Rikskonsertene og DKS i 2016 har hatt for ordninga. Rapporten støtter seg på kvantitative data frå Kulturtanken sin DKS-portal. Og kvalitative data frå verkstader og intervjuer som er gjort online med eit utvalg spesielt inviterte aktører.

 

 

 

Selektive data

 

Det er grunn til å reagere på metoden som er brukt. Hensikten med rapporten var å belyse dei strukturelle endringene som er gjort i ordninga, og konsekvenser av dette. For å lukkast med dette måtte rapporten ha innehaldt samanstilling av gamle og nye kvantitative data. Dette hadde vore mogleg gjennom å stille opp data frå SSB sine oversikter over DKS og Rikskonsertene frå 2000-2015 supplert med tal frå Kulturtanken sine årsrapporter frå 2016 og utover. Oxford Research har ikkje gått inn i tallmaterialet frå SSB, og dermed ikkje skaffa grunnlag for å seie noko om ordninga i tal før 2016. Difor må ein leggje fram påstand om at dei har vore selektive i kva data dei bruker som informasjonsgrunnlag. Dette er bekymringsverdig, då rapporten ikkje legg opp til å kunne svare på bestillinga i anbudet til Kulturdepartementet. For å seie noko om konsekvenser av endringer, må ein ha data som skildrer ordninga, før og etter endringane.

 

 

 

Etikk

 

Oxford Research utelet SSB sitt tallgrunnlag for korleis ordninga leverte kunstnarmøter frå tida før Kulturtanken vart oppretta, og dette vert avgjerande for utfallet av utredninga. Då rapporten berre belyser korleis ordninga leverer kulturtilbud til skular etter 2016, er det ikkje mogleg å konkludere med at ordninga er effektivt styrt med høg måloppnåing. Effektiviteten her må målast i pengebruk og kunstmøtar elevane mottar for pengane. Dette talet har gått drastisk ned. Den selektive bruken av data påverkar kva konklusjonar Oxford Research får ut av sitt etterforskingsarbeid, og det framstår som eit uetisk stykke forsking. I mangel på samanlikningsgrunnlag støtter Oxford Research seg til kvalitative sitat, til utsegn, og til påstandar frå aktørar med ulike agendaer. Oxford Research legg fram at dei i størst grad vektlegg ansatte i fylkeskommunen sine tilbakemeldingar. Dette gjev ikkje grunnlag for trygge konklusjonar, då desse er del av det som er under utredning. Dei måtte danna eit sikrare faktagrunnlag før dei tok funksjonalitet opp til diskusjon, i ei sak der dei som sjølv er under utredning vert intervjua på om dei sjølve synst dei gjer ein god jobb. Tala lyg ikkje, DKS leverer færre kunstmøter enn før, men kvifor? Og sjølv om ein i ordninga hevder at den har blitt meir mangfoldig, er det ikkje meir mangfoldig for eleven som mottar 1 forestilling i året istaden for 4. Slik reflekterer ikkje rapporten det fulle biletet av dei strukturelle endringane i DKS.

 

 

 

Habilitet

 

Oxford Research har frå før av gjort utredningar på oppdrag både for Kulturtanken og Fylkeskommunane. Kulturtanken og DKS som fylkeskommunal ordning skulle i dette høvet utgreiast og evaluerast. Oxford Research henviser til resultata frå desse tidlegare oppdraga i litteraturlista. Kombinert med det faktum at rapporten utelater sentrale data for å belyse heile biletet av endringane som vart gjort i DKS i 2016, må ein spør om rapporten er vitskapleg grunngjeve, eller om den i seg sjølv skyv ein agenda framføre seg. Kvifor manglar tala frå SSB mellom 2000 og 2015 som gjev eit samanlikningsgrunnlag?

 

 

 

Konkret eksempel

 

Eit konkret eksempel ville vera å sjå på korleis dei strukturelle endringane i ordninga har påverka talet på publikum per forestilling i gammal og ny ordning. Når ein samanstiller tala frå SSB og Rikskonsertene med DKS og Kulturtanken, ser ein at gjennomsnittstalet for publikumarar er halvert over ei tiårsperiode. (sjå bileta i posten) Rapporten hevder at nedgang i kunstmøter i DKS skuldast prisvekst i samfunnet, utan å grunngjeve dette i fakta. Tala i statistikken fortel noko anna. Med halvert leveringskapasitet på deltakarar per arrangement vil naturleg også ordninga verte dyrare i drift og levere færre kunstmøter. Er det ikkje logisk at ei halvering av deltakarar per arrangement = halvering i arrangement per elev? Her måtte ein ha sett nærare på korleis kvoteringa av kultursjangre har påverka leveringskapasiteten. Og ein måtte ha spurt om dei strukturelle endringane som vart gjort i 2016 reelt sett løfta ordninga, når kapasiteten på levering av kunstmøter gjekk markant ned. Statistikken lyg ikkje, men den er uforholdsmessig skeivt lest av både Kulturtanken sine årsrapporter, og av utgreiinga til Oxford Research.

 

 

 

Konklusjon

 

Grafane som eg her legg fram kjem frå ei samanstilling av data frå SSB, Rikskonsertene og Kulturtanken sine tal frå DKS-rapporter. Eg saknar betre datagrunnlag i utgreiinga, og må stille meg uforståande til kor lite faktabasert utgreiinga er. Det er skuffande at utgreiinga av DKS ikkje har gjort analysearbeidet sitt i henhold til anbudet, då det fører til at konklusjonane framstår mangelfulle og forslaga til tiltak ikkje heng på greip. Det er ikkje alt du kan kaste penger på for å få det til å bli betre. Kjerra må vera solid bygd før du kastar vekt på ho.
 
 
image_(1)5.png
 
image_(2)7.png

Hans Martin Austestad

Kulturtanken er under utredning

2022-09-30 07:29:22

Hei, og takk for at du har signert oppropet for å avslutte lausarbeiderordninga i Den Kulturelle Skolesekken.
Her er ei kort oppdatering av kva som skjer i denne saka.

 

Koronautbetalinger våren 2022

Oppropet vart skrive ut og levert i person til rådgiver i Kulturdepartementet Odin Adelsten Bohmann februar 2022.
https://www.kontekst.no/naer-2500-underskrifter-mot-losarbeiderordningen-i-dks-overlevert-kulturdepartementet/

Som følger av oppropet vart det gjort sak på morgonnyheitene i NRK P1, og me fekk også til oppslag og debatt i fleire medier. Ikkje lenge etter at signaturkampanjen var påbegynt skjedde det endringar til det beste for dei som var ute og gjorde forestillingar i pandemien. Det vart bestemt etter møter mellom partene som organiserer DKS, at koronautbetalinger skulle skje fram til sommaren.
https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2022/apner-for-utbetaling-fullt-honorar-avlysning-korona-smittevernregler/

Det er skrive i ovennemnde sak frå Kulturtanken at ein skulle ta ny vurdering på situasjonen i mai 2022, men dette er tilsynelatende ikkje blitt gjort. Det er i alle høve ikkje komme nokon offentleg uttalelse om det. Dette får ein ta som eit teikn til at initiativet om utøvarrettigheiter ikkje er systematisk organisert i Kulturtanken, og at endringane kom som følger av presset frå oppropet. Ting skjer ikkje av seg sjølv i denne saka, alle tre oppropa me har holdt har ført til justeringer mot det betre. Og dette betyr også at oppropa har hatt noko for seg.

 

Endringar i arbeidsmiljølova

Haustarbeidet for 2022 er godt i gang for dei som er ute og turnerer i ordninga, og Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har endå ikkje klart å gjere noko med rettigheitene til lausarbeidarane i ordninga, slik dei gjekk til valg på at dei skulle gjere. Det er likevel nokon teikn til endringar, men det går den lange vegen gjennom utredninger og høringer, med forslag om lovendring. Arbeidsministeren har mellom anna varsla ein rekke endringer i lovtekstene i arbeidsmiljølova som skal begrense arbeidsgiver sin tilgang på midlertidige ansettelser, og på innleid arbeid. Det er ikkje sagt noko spesifikt om korleis dette skal påverke kommunane og staten sin eigen lausarbeidsordning i DKS.

 

Utredning/Evaluering av Kulturtanken og DKS

Kulturministeren var også raskt ute etter at oppropet fekk mediemerksemd og sa at ei utredning og evaluering av Kulturtanken og DKS skulle leggjast ut på anbud. Det vart den, og anbudsrunden vart vinne av Oxford Research, som for omlag 2 millionar kroner skulle bruke omlag 14 månader på å utforme ein rapport. Her er det verdt å merke seg at Oxford Research både har gjort utredningsjobber for KS, og for Kulturtanken tidlegare. Det er nokon varselflagg som dukker opp dersom ein les kven som har bidratt til ulike rapporter og strategidokument i KUD, KS og utredninger. Ei merknad om habilitetsproblematikk er sendt oppover i systemet. Utredninga skal uansett belyse tre hovudspørsmål:

  1. Hva kjennetegner DKS som kultur- og utdanningspolitisk ordning og hvordan fungerer ordningen for de involverte aktørene før og etter 2016?
  2. Innfrir Kulturtanken nasjonale mål, og i hvilken grad er Kulturtankens organisering og funksjon relevant for involverte aktører?
  3. Hvordan sikre en DKS ordning som nasjonal ordning som formidler kunst og kultur av høy kvalitet til barn og unge?

Oxford Research tek sikte på å belyse desse tre spørsmåla gjennom dokumentanalyse, registerdataundersøkelse av DKS-portalen, Kunnskapsoppsummering (som skildrar utviklinga av DKS med vekt på perioda 2012/2013 etter forrige kunnskapsoppsummering), kvalitative intervjuer, historieverksted og scenarieverksted.

Eg har sjølv levert eit lengre dokument om saksgangen i endringane som vart gjort i DKS. Utover dette er eg ikkje kjend med korleis Oxford Research finn fram til kandidater som leverer kvalitative intervjuer.

Kva som vert utfallet av utredninga og evalueringa må ein vente og sjå, men det er i alle høve forventa at ein vil avduke at det har skjedd mange endringar som ikkje har vore hensiktsmessige. Og så må ein kunne håpe at ein ser verdien av å ha offentlege velferdsordningar som del av DKS - at dette må på utredning er i seg sjølv litt overraskande.

 

TAKK!

Eg vil også med dette takke alle som har engasjert seg for oppropet og denne saka. Som har hatt mot til å ytre seg kritisk til dei endringane i DKS som har gjort arbeidsarten vanskelegare for kulturarbeidarar. Sjølv har eg ikkje turnert for DKS på 5 år, og eg antar at det ikkje blir aktuelt igjen, etter å ha satt ansikt på det eg har opplevd som diskriminering av kulturarbeid. For saka fortsett å vera viktig, og er kanskje endå viktigare no enn før pandemien. For kvart år utdannes det nye kunstnarar som skal ut og fylle samfunnet med kunst og kultur. Og kvart år pensjoneres kulturarbeidarar som i lang og tru teneste har stått for å fylle samfunnet med verdier som stadig trues med kutt og nedprioritering. Det er dette oppropet, og rettigheter for kulturarbeid i all hovudsak handler om. At kulturarbeid skal verdsetjast på linje med anna arbeid.

Hans Martin Rundberg Austestad


Hans Martin Austestad



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...