Sogn og Fjordane Energi ut av vindkraft!

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Stor takk for engasjementet!

2020-09-07 17:20:16

Det har gått 24 timer og vi har nådd over 2400 signaturar. Dette er veldig bra!

Eg anbefalar alle om å sende oppropet vidare til folk de kjenner på epost. Få litt kjedebrev-spredning. Særleg gjeld dette for å nå dei som ikkje er på facebook. Bruk gjerne også kanalar som instagram og twitter til å spre ordet. Be familiemedlemmar, kollegar og venner signere, vi må nå mange.

Det er sikkert mange som har signert eit opprop før, som har blitt skuffa når det ikkje får konsekvensar. Sannheten er at eit opprop betyr lite om ein ikkje brukar det til noko. Vil derfor seie litt om prosessen vidare her.

Når oppropet er kraftfullt og stort, vil ein gå til pressa for å skape meir blest og diskusjon. Ein vil organisere offisielle overleveringar av signaturar og sikre pressedekning. Ein vil gå i dialog med dei politiske partia i Vestland fylke for å få fram ei sak for fylkestinget og jobbe knallhardt for å få det gjennom.

Fylkestinget kontrollerar stemmemajoriteten i SF-holding som eig 49,5% av selskapet. Saman med støtte frå ei eigarkommune eller to så vil dette vere fleirtal til å gjere endringa.

Til politikerar som er uroa for kommunale inntekter og budsjett som må balanserast - SFE har ei rekke vasskraftprosjekt som er satt på vent fordi ein ikkje har råd til å investere i både vindkraft og vasskraft. Desse prosjekta vil gje betydeleg større nye skatteinntekter. Ein får kanskje ein liten umiddelbar smell frå enkelte kontrakter som må kansellerast, men den langsiktige effekten er klar - meir skatteinntekter, og eit framtidsretta SFE som kan posisjonere seg til å tappe den store marknaden det vil vere for selskap med kompetanse på naturvennleg og framtidsretta energiproduksjon og effektivisering.

Spre ordet folkens, dette blir bra :)


Jørund Nygård



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...