Stopp prosessen! Få kontroll
Til Sunnfjord kommunestyre før møtet 31. oktober 2025
Vi som skriv under, krev at vidare arbeid med skulestruktur i Sunnfjord skjer på ein måte som byggjer tillit, sikrar kvalitet og tek utgangspunkt i at Sunnfjord er eit vekstsenter – ikkje ein kommune i tilbakegang.
Vedtak om felles ungdomsskule på Hafstad er gjort, men det er framleis tid til å sikre at investeringane skjer på eit fagleg og økonomisk forsvarleg grunnlag.
Innbyggarane reagerer på:
- Manglande medverknad frå innbyggarar, tilsette og elevar
- Uklare og motstridande økonomiske vurderingar
- At det blir planlagt for nedgang i ein kommune med stabil folkevekst
- Hastevedtak og planlagt hastegjennomføring som verkar heilt urealistisk
Vi krev:
- At kvalitet og arbeidsmiljø for elevar og tilsette skal ha høgaste prioritet.
- At det blir lagt fram ei samla, realistisk og dokumentert oversikt over kostnader, innsparingar og behov.
- At alternative løysingar og bruk av eksisterande skular blir vurdert på nytt, slik at investeringane skjer på eit fagleg og økonomisk forsvarleg grunnlag.
- At ombygging av skulane skal sikre eit skuletilbod som er minst like godt som dagens, og at det blir teke seg tid til å planleggje løysingar som står seg i minst 30 år. – Dersom kommunen ikkje har økonomi til dette no, må prosjektet vente til ein har råd.
- At ventilasjonsanlegga blir oppgradert – rens av ventilar er ikkje godt nok.
- At rekkefølgje og prioritering av skulebygg blir halden i tråd med økonomiplanen.
- At innbyggarane får reell påverknad i den vidare prosessen.
Karoline J Vågsholm Kontakt personen bak underskriftskampanjen