Slå ring om Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule har i mange år levert kunnskap og kompetanse om økologisk drift 
til nye generasjonar bønder, gartnarar og grundarar.

Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste heilskaplege økologiske landbruksskulen i Norge. 
Her vert det undervist i plantedyrking, husdyrhald, utmarksforvalting, teknikk, ”inn på tunet”, 
foredling og bygdeutvikling. Sjh.no

Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein kraftfull arena for alle med interesse for økologi og 
landbruk. 

Sogn Jord- og Hagebruksskule er i regi av Ressurssenteret og Kompetansenavet Vest arrangør av 
mange seminar, kurs og føredrag.

Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein levande og mangfaldig samfunnsaktør. (link til Treet)


Men snart kan det vera slutt.

Bygningane på skulen må moderniserast for å stetta krava til undervisingsrom og internatdrift. 
I juni 2014 skal fylkestinget i Sogn og Fjordane avgjera om skulen skal få den naudsynte 
løyvinga. Eller om skuledrifta vert avvikla.

Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening er skipa for å medverka til at skulen si framtid 
vert sikra.

I ei verd som står overfor enorme utfordringar med omsyn til miljø, matforsyning og forvalting av 
naturressursane, er økologi og økologisk landbruk svært viktig. Det trengs folk med kunnskap og 
kompetanse til praktisk gjennomføring av dei måla som er sette.

Du kan vera med å tryggje framtida for Sogn Jord- og Hagebruksskule! 
Me vil invitera deg til å signera oppropet som skal leverast til skuleeigaren, Sogn og Fjordane 
Fylkeskommune.

Da vert du ôg medlem i Venneforeninga. Men du behøver ikkje å betala noke :)

Signer dette oppropet


ELLER

Din e-postadresse vil ikke bli publisert på vår side. Uansett, så vil forfatteren av underskriftskampanjen se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Facebook