Opprop.net

Trygg gang- og sykkelveg mellom Sogndal og Årøy – no må det skje noke!

G Gjert Anton Nyland Orrestad · NO

Vi krev handling på fv. 55 Årøyvegen

Strekninga Sogndal–Årøy er om lag 5,7 km, men manglar i praksis samanhengande gang- og sykkelveg og trygg tilkomst til offentlig transporttilbod. Samstundes er trafikken stor og aukande.

ÅDT (årsdøgntrafikk) på fv. 55 Årøyvegen var 3 075 køyretøy per døgn i 2025.

Som gjer denne vegstrekningen til ein av dei mest trafikkerte vegane inn til regionsenteret Sogndal. Dette gjer det utrygt og vanskeleg å gå eller sykle mellom Årøy og Sogndal – både for barn, unge, vaksne og eldre.

Vi ber Vestland fylkeskommune om å:

  • prioritere samanhengande gang- og sykkelveg mellom Sogndal og Årøy
  • sikre trygg tilgang til busshaldeplassar og kollektivtransport
  • prioritere trafikksikring og mjuke trafikantar
  • sikre trygg tilgang til skule, arbeid, sentrum, fritidsaktivitetar og friluftsliv
  • starte konkret planlegging og gjennomføring, gjerne i etappar dersom det gjer at dei mest utsette strekningane kan byggjast først

Dette er ikkje eit nytt krav. Gang- og sykkelveg mellom Sogndal og Årøy har vore spelt inn og etterspurt gjennom fleire år.

Vestland fylkeskommune seier sjølv i høyringsutkastet sitt "Handlingsprogram Regional plan for areal og mobilitet" at trafikksikring, mjuke trafikantar, kollektivtransport og trygge samband til viktige målpunkt skal prioriterast. Sogndal–Årøy treff alle desse prioriteringane.

Kva nytte har busshaldeplassane dersom infrastrukturen for trygg framkomst til og frå dei ikkje eksisterer?

Vi meiner no er tida inne for å gå frå planar og innspel til handling.

Signer oppropet dersom du også er einig, Oppropet vil bli levert til Vestland Fylkeskommune isamband med innspel til høyringsutkastet. Siste frist for oppropet er derfor 31.Oktober 2026.

Eg støttar kravett om ein trygg og samanhengande gang- og sykkelveg mellom Sogndal og Årøy langs fv. 55.

No må det skje noko!

Del denne underskriftskampanjen

Hjelp denne underskriftskampanjen å få flere signaturer.

Lim inn lenken i en melding og send den til venner som kanskje vil signere.




Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 3,000 personer.

Lær mer ...

Velg budsjettet ditt
Betalingsmåte
PayPalGoogle PayApple PayMobilePayKredittkort

Velg en betalingsmåte for å fortsette.