Redd Solhaugen Barnehage!

 

Redd Solhaugen barnehage!

 

Me ber kommunestyret om å revurdere forslaget som truar Solhaugen barnehage. Kommunedirektøren anbefalar å utvide kapasiteten ved Lindås barnehage, basert på PWC’s rapport om Alver kommune. Dette kan få alvorlege konsekvensar for drifta av Solhaugen, med reell risiko for nedlegging. Ei nedlegging vil ramme barn, familiar og heile lokalsamfunnet i Lindås.

 

Kvifor må Solhaugen bevarast?

1. Mangel på barnehageplassar:

   Lindås barnehage har ikkje kapasitet til å ta imot alle barna i området. Ei nedlegging av Solhaugen kan tvinge familiar til å sende barna sine til barnehagar langt unna, noko som skapar unødig stress og uro.

2. Tryggleik og trivsel:

   Solhaugen er meir enn berre ein barnehage; det er eit trygt miljø der barna kjenner dei tilsette og får god oppfølging. Barnehagen tilbyr eit variert og tilpassa pedagogisk opplegg som støttar barnas utvikling og trivsel. Å miste dette kan ha negative konsekvensar for både den mentale og fysiske utviklinga til barna.


3. Forverra kvardag for småbarnsfamiliar:

   Lange reisevegar og få valgmuligheter gjer kvardagen vanskeleg for familiar. Me må sikre tilgjengelege barnehageplassar nær der familiar bur, for å skape eit støttande miljø for barnefamiliane.

 

4. Risiko for svekka kvalitet:

   Med fleire barn kan kvaliteten på tilbodet i Lindås barnehage bli redusert. Barna fortener eit miljø der dei blir sett, høyrt og følgd opp. Solhaugen har eit dedikert og erfarent personale som jobbar for å sikre høg kvalitet i alle ledd, noe som er essensielt for barnas utvikling.

 

5. Ein viktig del av lokalsamfunnet:

   Solhaugen bidreg til å gjere Lindås til ein attraktiv stad for barnefamilier. Barnehagen legg til rette for friluftsliv, lek og læring i naturen, som fremjar helse og trivsel. Dette er ikkje berre viktig for barnas utvikling, men bidrar også til å skape eit livskraftig og inkluderande samfunn.

 

Betydningen av Solhaugen barnehage:

Det er viktig å understreke at Solhaugen barnehage tilbyr høg pedagogisk kvalitet, som er avgjerande for barnas utvikling. Forskning viser at tidleg innsats i barnehagen har langsiktige positive effektar, særleg for barn som treng ekstra støtte. Barnehagen spelar ei viktig rolle i utviklinga av sosiale ferdigheiter, der barna lærer å samarbeide og danne vennskap. Dette er også fundamentalt for ungdomssektoren, då tidleg sosialisering fremjar sunn utvikling og reduserer risikoen for sosiale problem i ungdomsåra. Solhaugen arbeider aktivt for inkludering og mangfald, noko som fremjar eit variert og inkluderande lokalsamfunn.

 

Å legge ned Solhaugen vil derfor ikkje berre svekke barnehagetilbodet, men også ha negative konsekvensar for heile lokalsamfunnet og ungdommene i framtida.

 

Dette ber me om:

 

- Bevar Solhaugen barnehage:

   Me må ikkje svekke tilbodet til barna våre.

- Lytt til innbyggjarane:

   Ta bekymringane våre på alvor og finn løysingar som ivaretar både barn og familiar.

- Tenk langsiktig:

   Barnehagar er grunnleggjande for eit godt lokalsamfunn. Me må sikre drift og kvalitet i tilbodet, ikkje berre for no, men også for framtida.

 

IMG_39871.jpegMe treng dykkar støtte for å sikre ein trygg og god barnehagekvardag for barna våre. Sammen kan me gjere ein forskjell!

 

Med venleg helsing,

Representantar frå Foreldre arbeidsutvalet ved Solhaugen barnehage.


Linnveig Sætre FAU v/solhaugen barnehage    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Linnveig Sætre FAU v/solhaugen barnehage vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke telefonnummeret ditt offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...