Nei til hotell på Mobergsneset i Os!
Mobergsneset med Oseana, båthamn og badeplass er i dag ein pulserande møteplass for folk i Os. På fine sumardagar er her eit yrande liv av glade born og ungdomar, springane til Mobergsvikjo. Slik er området til glede for mange. På kveldstid er vegen til Oseana full av gåande på veg til og frå populære tilstellingar i Oseana.
Kjære politikarar, me ber: Ikkje øydelegg denne perla av ein møteplass med eit hotell her! Det er inga skam å snu! Dersom eit fleirtal av politikarane i Bjørnafjorden framleis meiner at kommunen treng eit nytt hotell, er det mange meir høvelege stader der dette kan plasserast! Å plassera eit hotell på Mobergsneset vil vera stikk i strid med visjonen om god livskvalitet for alle, som har vore kommunen sitt mål for korleis Osbygda skal utviklast! Ein populær møteplass for mange og eit godt og fredeleg buområde vil øydeleggjast, både i byggeperioden og seinare, dersom det blir bygd eit hotell her. Difor: Sei nei til eit hotell som fører til dårlegare livskvalitet for mange!
Underskrivarane av dette oppropet meiner at alle planar om hotell på Mobergsneset må avvisast!
Me vil oviser også til førstegangs behandling av Mobergsneset 52/505» om bygging av hotell her og alle protestane mot denne utbygginga i høyringssvara sendt Bjørnafjorden kommune innan høyringsfristen 10. januar 2026. Mange har også protestert ved innlegg i Os og Fusaposten, Midtsiden og Bergens Tidende. Det er, både i høyringssvar og avisinnlegg, vist til mange gode grunnar for at planen om å byggja eit hotell på på Mobergsneset bør avvisast.
Gunnar Kvåle, Mobergsbakken 12, 5200 Os Kontakt personen bak underskriftskampanjen