Opprop for villreinen: Stortingsmeldinga for villrein må forsterkast den 13.juni!

Noreg har lenge sett den negative utviklinga for villreinen. Hyttebygging, kraftproduksjon og reiseliv trugar leveområda deira, og auka ferdsel forstyrrar dyra. Stortingsmeldinga for villrein skulle inkludera meir frå lokale tiltaksplanar, men dessverre har desse blitt utvatna. Villreinens framtid er framleis truga. Våre villreinområder er blant dei siste relativt urørte områda i Sør-Noreg og treng ekte vern. I tillegg har me eit internasjonalt ansvar for arten.

Me ber innstendig om støtte for villreinens sak. Dette kan ikkje gå ubemerka! Oppropet vil overleverast ved ei markering foran Stortinget den 13. juni kl.09.00 og utover dagen. Møt opp om du kan!

Vi, underteikna, krev at myndigheitene prioriterer villreinen sine interesser ved alle vedtak som gjeld villreinen. Vi ber om umiddelbar handling basert på følgjande punkt:

1.      Villreinen sine interesser først Det er no tid for å setje villreinen sine interesser først og iverksetje naudsynte tiltak for å verne denne unike arten og leveområda. Andre samfunnsinteresser må vike for å sikre artens overleving.    

2.      Tidsramme Den noverande tidsramma er for lite ambisiøs. Situasjonen krev umiddelbare og kraftige tiltak for å snu den negative utviklinga og sikre villreinen si framtid.  

3.      Bruk av eksisterande kunnskapsgrunnlag Det eksisterande kunnskapsgrunnlaget viser at menneskeleg ferdsel er skadeleg for villreinen. Dette må leggjast til grunn for alle vedtak og tiltak.  

4.      Ferdsel og friluftsliv Menneskeleg ferdsel i villreinområda må reduserast drastisk, og all kanalisering inn i desse må opphøyre. Trass at dei fleste stør allemannsretten skapar praktiseringa problem, der alle fasilitetar må vere på plass for at den skal leve, noko som er feil. Initiativ til nytt lovverk kring ferdselsforbud og allemannsplikter er naudsynt for å minimere forstyrring av villreinen. Ein må også stagge den massive leige og fjernbeitinga frå sau som fører med seg mykje trafikk, sjukdomsproblematikk og konkurranse.    

 5.     Steng turisthytter og løyper i viktige leveområde. Fokusområde som Hellevassbu, Lågaros, Øyulvsbu, Geiteryggen, Ljungdalshytta, Rondsvassbu mfl. og turist-løyper knytt til desse må stengast for å sikre trekk, beite og støre bruk av tilgjengeleg areal.  

6.      Stans all bygging i og kring villreinområda Vi krev umiddelbar stans i all bygging, inkludert hyttebygging, i og rundt villreinområda. Dette er avgjerande for å bevare og restaurere villreinen sine leveområde og unngå kanalisering av folk inn i leveområda. Prosjekt som Eidfjord Resort og liknande må stoppast umiddelbart då dei trugar villreinen sine leveområde.    

7.      Ingen ny kraftproduksjon i villreinområda Vi krev stans i all planlegging og bygging av ny kraftproduksjon i villreinområda for å verne desse sårbare områda.  

8.      Felles praksis og betre samordning Vi krev ei organisering der alle villreinområda får kvar si administrative eining. Dette inneber å sikre felles praksis, ei heilskapleg og effektiv forvaltning.

 

Oppropet vil og verte bruka inn mot stortingets behandling av naturmangfald hausten 2024, der villrein har si sentrale rolle.

villrein22.jpg

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Bjarte Hestdalen vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:
Jeg samtykker til at Bjarte Hestdalen kan overlevere opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet til følgende parter:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...