Nei til storskule
Ørsta kommune ønskjer å samle 5-7.klasse frå heile kommunen på ein felles storskule i sentrum. Dette er kritikkverdig grunna mellom anna:
- Lang skuleveg med opptil 50 minutt per veg for skuleborna
- Enda eit ledd i skulegongen med ny tilvenning for skuleborna, både i forhold til skuleordning og sosialt. Dette kan gå utover konsentrasjon og læringsmiljø.
- Førsteklassingar på gjenverande skule mistar ei trygg fadderordning
- Kan føre til full nedlegging av bygdeskulen.
- Mindre skuletilbod gir mindre vekst på bygdene og auka fråflytting
- Mindre lærarstillingar på bygdeskulen og dårlegare fagmiljø
- Lokale idrettslag og andre lag kan verte nedlagde
- Større elevtal som kan gi mindre kontroll på mobbesaker
- Mistar tryggleiken i å ha eit nært fellesskap til dei som bur på bygdene/i det lokale nærmiljøet
- Venskap på tvers av klassetrinn vert brotne
Sei nei til felles storskule i Ørsta sentrum, og ja til å tenke på borna framfor økonomi - og heller bevare bygdeskulen med eit trygt og nært læringsmiljø!
Hildegunn Welle Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Kunngjøring fra administratoren av dette nettstedetVi har avsluttet denne underskriftskampanjen og har fjernet underskrivernes personlige opplysninger.EUs personvernforordning (GDPR) krever en legitim grunn for lagring av personlig informasjon, og at denne informasjonen lagres kortest mulig. |