Nei til rutekutt på FV 49 Våge-Halhjem og Hodnanes-Huglo-Jektevik

Nei til rutekutt på Tysnes-ferjene!

Skyss har foreslått å kutte nær 60 avgonger i veka på FV49 fergesambanda Halhjem-Våge og Hodnanes-Nordhuglo-Jektevik. Ved inngåing av nye anbodskontraktar har Skyss akseptert at ferjene frå 2020 kan ligge til kai og lade i inntil 10 minutt mellom kvar avgong. Ferjene vil då ikkje kunne oppretthalde ruter som er nøye tilpassa dei reisande sine behov gjennom dialog med Tysnes kommune.

Å miste nær 60 ferjeavgongar i veka i ein øykommune, som er heilt og fullt avhengig av ferjene, er uakseptabelt! Ruteforslaget frå Skyss vil ramme pendlarar, skuleborn, næringsliv og andre reisande så hardt, at tysnesingar allereie har meldt at dei må flytte frå kommunen eller seia opp jobbane sine fordi kvardagen ikkje lenger vil gå opp.

Dette må fylkespolitikarane forstå og løyve dei nødvendige midlar som skal til for å auke kapasiteten på dei to ferjesambanda Halhjem-Våge og Hodnanes-Nordhuglo-Jektavik. Det er fullt teknisk mogleg å utruste ladestasjonane og ferjene, slik at og Tysnes-ferjene kan halde rutetidene som me har i dag.

Me krev at Skyss ordnar opp, slik at dagens ferjetilbod blir oppretthalde både i frekvens, overfartstid og kvalitet, uavhengig av teknologi.

Signér denne protesten og han vert overlevert Fylkesordførar Anne Gine Hestetun og Skyssdirektør Målfrid Vik Sønstabø med krav om å oppretthalda dagens ferjeruter.

Me aksepterer ikkje at fylkespolitikarar og fylkesadministrasjonen fører oss baklengs inn i framtida! Ferjene er vegen vår! Me har ikkje ein einaste ferjeavgong å miste!


Ruth K. Brandvik for Aksjonsgruppa for framtidsretta ferjetilbod på Tysnes    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Ruth K. Brandvik for Aksjonsgruppa for framtidsretta ferjetilbod på Tysnes kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...

Facebook