NEI til monstermaster i Etnefjellet!
Monstermaster i Etnefjellet?
Me har visst sove i timen!
I alle fall ikkje fått med oss at Formannskapet i Etne kommune stiller seg positive til å forsøpla fjellheimen vår med monstermaster!
Me kan ikkje berre la det skje!
I 2020 kan slike ledningar leggast i sjø, tunnell eller i jordkabel. Det har nok sin pris, men det har og ein høg pris å leggje linja i noko av det finaste me har her i kommunen, fjellet vårt!
Det vert digitalt folkemøte på onsdag 9. desember 2020 kl. 18.00. Sjå heimesida til Etne kommune eller annonse i Grannar (måndag 7. des.)
Her er det viktig å stille opp!
Skriv under på denne kampanjen for å få Etne kommunestyre til å stemma NEI til desse mastene gjennom Etne!
Skitur på Rus om monstermastene kjem:
Grethe Tesdal og Elen M. Hetleflåt Ramsvik Kontakt personen bak underskriftskampanjen