Mot NY INDRE KORRIDOR Moi-Bue

foto_av_Eide_Gunnar_Skjærpe2.jpg

Foto: Gunnar Skjærpe

 

Nei til alternativ 7 og 8!

Ny indre korridor mellom Bue og Moi, også kalt alternativ 7 og 8 i dokument frå Vegvesenet, er eit anonymt forslag som ser ut til å ha ha kome inn etter at utsilingsrapporten for dei andre alternativa var skriven.

Me meiner at dette er eit dårleg alternativ i forhold til indre korridor:

  • Ny indre korridor deler Lund kommune i to gjennom Drangsdalen. Folk busette i Heskestad skulekrins har Moi som kommunesentrum. Ungdomsskulen og symjehallen ligg på Moi, og mange arbeider på Nordan og andre arbeidsplassar i denne stasjonsbyen. Med påkjøringsfelt på Grøssfjell vil vegen dit bli ganske lang.
  • Traseen ligg gjennom Drangsdalen der det ofte er hålke og glatt vegbane. Staden er kjend for vanskelege køyreforhold mellom langdistansesjåførar.
  • Drangsdalen er også svært utsett for rasfare. Toga må t.d. køyra i 20 i timen på grunn av faren for steinras.  
  • Ved bygging av bru på Skjeggestad som konsekvens av Ny indre korridor vil utfylling i Hovsvatn vil føra til større flaumfare i Hovsherad og Moi. Dette området er alt utsett for flaum, og både vegar og industri har blitt råka av denne typen naturskadar dei siste åra.
  • Opphaveleg indre korridor tar mindre matjord. Med trase over landbruksjorda på Grøssfjell og overgang til 501 der, vil Ny indre korridor ta mykje av den beste landbruksjorda i dette området.
  • Ny indre korridor tar mykje matjord i Bjerkreim.
  • Opphaveleg indre korridor er kortare både i tid og avstand.
  • Slik han er teikna inn på kartet, vil den nye korridoren gjera stor skade på det gamle bygdesenteret Eide, som utgjer kjernen i denne delen av bygda.  
  • Nåverande E39 og gamle E18 ligg side om side med jernbanen gjennom bygda og kryssar med 501. Delar av busetninga er fanga mellom vegane og jernbanen. Nå kan det i tillegg koma ei stor bru over fleire av husa.  

Alle som er imot dette alternativet er velkomne til å skriva seg på lista! Hugs å gå inn i e-posten din for å stadfesta signaturen! Det vil også gå ei liste på papir gjennom bygda. Pass på at du bare skriv deg på ei av listene. Me er heller ikkje interesserte i at folk signerer seg inn fleire gonger med ulike e-postadressar.

Meir informasjon:

https://www.vegvesen.no/Europaveg/e39lyngdalsandnes/nyhetsarkiv/endring-av-planprogram-ny-indre-korridor

https://www.vegvesen.no/_attachment/2041557/binary/1212974?fast_title=Faglig%20underlag%20til%20statlig%20planprogram%20med%20tillegg-oktober%202017.pdf

https://www.vegvesen.no/_attachment/2041553/binary/1212973?fast_title=Planprogram%20-%20h%C3%B8ringsutgave%20med%20tillegg-oktober%202017.pdf

 


Bygdefolk på Eide og omegn. Sekretær: Gro Tove Sandsmark.    Kontakt personen bak underskriftskampanjen


ELLER

Din e-postadresse vil ikke bli publisert på vår side. Uansett, så vil forfatteren av underskriftskampanjen se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. Vennligst sjekk innboksen din (og søppelpostkassen).
Facebook