La Dur Ali Sherzad få bli i Noreg!

Akkurat no sit det ein familie på Os i Bjørnafjorden kommune som ventar i frykt på at bestefar som er pleietrengande skal sendast ut av landet. Dette er ikkje ein verdig alderdom, og i verste fall ein dødsdom.    

Dur Ali Sherzad kom til Noreg for tre år sidan. Kona hans tidlegare, i 2010. Dei to døtrene endå før. Alle har fått innvilga opphald i landet, utanom 72-åringen. Under flukta frå Afghanistan vart Dur Ali skilt frå familien sin. Medan han vart sendt attende til heimlandet, og flykta derifrå til Iran, kom familien seg til Hellas, og vidare til Noreg. Tre av borna hans forsvann på havet mellom Tyrkia og Hellas.

Dur Ali har søkt om asyl, men fått avslag. Han har blitt vurdert for opphald på humanitært grunnlag, men fått avslag. Han har også søkt om familiegjenforeining, men fått avslag. I Utlendingsnemndas (UNE) avslag frå januar går det fram at fleirtalet i nemnda meiner at det, etter ei samla vurdering av 72-åringen sine fysiske og psykiske helseproblem, alder, og evna hans til å ivareta eiga helse, føreligg sterke menneskelege omsyn, men at «avveiningen mot innvandringsregulerende hensyn tilsier at oppholdstillatelse ikke gis».

72-åringen har store utfordringar med helsa. Han vert behandla for høgt blodtrykk og diabetes type II. I tillegg er det påvist utbreidd coronarsjukdom, samt langvarige og aukande plager med ryggsmerter og utstråling til begge bein. Han har også vore innlagt på Solli DPS som følgje av depresjon og traume knytt til krigshandlingar i heimlandet, samt tapet av familiemedlemer i Middelhavet. 7. november kom brevet som ba Dur Ali om å forlata landet innan 28. november. Men av di 72-åringen, som følgje av helsa, treng følgje på vegen, er datoen utsett. Påstanden om at helsa hans ikkje er til hinder for ein retur, vert dessutan søkt imøtegått ved hjelp av informasjon frå legar og sjukehus. Denne informasjonen vart sendt til UDI i starten av desember.

Ifølge FNs naudhjelpskontor OCHA har totalt 354.664 menneske blitt drivne på flukt innad i Afghanistan sidan starten på 2019. «Krigen rasar i dei aller fleste av Afghanistans provinsar. Fleire har vore nøydde til å flykta i samband med kampane mot Taliban og IS. Kampane har tiltatt i år samstundes som USA og Taliban har forhandla om ei politisk løysing på konflikten», heiter det i ein artikkel frå NTB frå oktober.

Det gjer uendeleg vondt å tenkje på at ein eldre mann med store fysiske og psykiske helseplager, og traume frå krig og flukt skal sendast vekk frå den einaste familien han har, frå tryggleik og omsorga og tilbake til eit land der det framleis er krig og der han ikkje har familie eller moglegheit for å få den behandlinga han treng.

Dette er ikkje berre ein tragedie for Dur Ali Sherzad og familien, men i aller høgaste grad ein tragedie for Noreg som i sin iver etter å visa til ein streng innvandringspolitikk set til sides klåre menneskelege omsyn. 

(Bilete og informasjon er henta frå Os og Fusaposten.)durali.jpg


Tone Hepsøe og Linda Kjosaas, Bjørnafjorden Arbeidarparti    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Tone Hepsøe og Linda Kjosaas, Bjørnafjorden Arbeidarparti fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...