Kaffimaskin attende på Laksevåg bibliotek!
Me er heldige som har vårt eige flotte bibliotek på Damsgård, Laksevåg. Det vert hyppig brukt av både store og små. Dei tilsette er flinke til å skipa til kjekke arrangement, men det er òg ein topp plass å stikka innom ein ettermiddag eller ein laurdag. Her er avslappa stemning og alle finn roen.
Til vår store skuffelse, har derimot kaffimaskina blitt fjerna. Ein skulle tru det var ein bagatell, men som sambuaren min sa; det er ei av dei få livsgledene me småbarnsforeldre har. Vér so snill, Bergen kommune, lat oss få attende det svarte gullet! Sjølv om nabolaget er det beste, er det ingen serveringsstadar ein kan kjøpa frå, og me stussar faktisk óg over kor mykje de kan spara på å kutta dette vesle tilbodet - som betyr mykje for oss. Me har høyrt rykte om eit argument som gjaldt at det måtte vera likt for alle bibliotek. Så lat alle få, då! Me betalar sjølvsagt for kaffien sjølve.
Visst er det eit i-landsproblem, men mange store og små saker vert lufta og løyste over ein kopp kaffi. I tillegg held me ut litt lenger, kan låna fleire bøker og verta meir danna. For ikkje å snakka om studentane, som kanskje slepp å ty til KI for å svara på oppgåvene sine, pensjonistane som kan ta seg ein kvilepause og varma knoklane rundt ein varmende kopp, og kanskje finst det ein og an tedrikkar óg som hadde sett pris på litt lesk.
Om du støttar kaffi og livskvalitet til Laksevågfolket, vér god og signer!
Silje Dregelid Kontakt personen bak underskriftskampanjen