Ikkje legg ned meieriet på Voss

Styre i Tine skal 19 Juni bestemma om meieriet på Voss skal nedleggjast. Voss er største jordbrukskommunen mellom Boknafjorden og Trøndelag, og har mista slakteria og no er meieriet i fare. Det er 25 personar som jobbar der, hadde nesten 8 mill i overskot siste år, og det er det det pleier å liggja på. Ved nedlegging skal mjølka truleg til Jæren, alternativ til Byrkjelo. Det blir produsert 2500 tonn Norvegia og 45 tonn Vossadravle pr år. Vossadravlen er heilt unik, den blir berre produsert her.  Det er òg laga røykt kvitost men den er ikkje komme ut på marknaden enno. Lagar også smøreost for Kavli, Dei vil ha vossaosten pga kvalitet. 

Tine ser på desse faktorene: lønnsnemd, økonomi, fleksibilitet, omdøme og leveringsevne. Og på alle desse punkta skorer Voss meieri høgt. Når ein tenkjer klima er det galskap å køyra 30 millionar liter mjølk til Jæren. Nedlegging fører og til tap av lokal forankring og lojalitet. 

Meieret på Voss har vore truga med nedlegging mange gonger, det er eit reguleringsmeieri og tek i mot mjølk på helgedagar og dei tilsette er veldig fleksible.