Høyringsuttalelse til NVE si innstilling, ny 420kV kraftlinje Blåfalli - Gismarvik.

 

7376217A-6C39-4C27-857D-1E08434DAB15.jpeg

Utsyn frå dei populære Hårlandsnepadne mot Strypefjell.

 

HØYRINGSUTTALELSE TIL NVE SI INNSTILLING- NY 420 Kv KRAFTLEDNING BLÅFALLI – GISMARVIK.


Me er sterkt uenig med NVE som meinar at Statnett sin omsøkte trase i luftspenn frå Blåfalli i Kvinnherad over Åkrafjorden til Skånevik / Etnefjellet, til Gismarvik og Haugaland næringspark er den traseen som gir minst konsekvenser for naturmangfaldet og omgivelsane.
Våre merknader gjeld mest for traseen Etne, Litledalen – Høylandshovda. 1.0B og 1.0C der traseen går over Etnefjellet og høgtliggande skogsområder.
NVE tar ikkje omsyn til at konsekvensutgreiinga frå 2018 er gjort etter den då gjeldande Håndbok V712 fra 2015.Både verdi- og omfangskriteringar har endra seg i dagens gjeldande metodikk(Miljødirektoratet 2022) og Natur i Norge versjon 2 frå 2020.
NVE er av den oppfatningen at den nye metoden ikkje bidrar til å endre kunnskapsgrunnlaget. NVE seier og at Multiconsult har gjort supplerande feltarbeid der det var mangel på kunnskap i eksisterande utgreiing og databaser.
Dette stemmer ikkje. Multiconsult skriv i sitt tilleggsnotat til konsekvensutgreiina KU 420kV Haugalandet at :
«Denne vurderingen er gjort som et skrivebordsarbeid, det er ikke gjennomført befaring eller nye kartlegginger i felt av tilleggsøkte traseer eller annleggsveier/ riggeplasser.»
I punkt 3.3 i tilleggsnotatet skriv Multiconsult om endringar i metode, og dei nye krava om at all naturtypkartlegging skal gjerast etter Natur i Norge versjon 2 og Miljødirektoratets kartleggingsinnstruks fra 2022. Naturtypane som vart kartlagde i 2018 følger typeinndeling i DN- Håndbok13, DN 2007, som i 2018 var gjeldande metode.

Kartlegging etter Natur i Norge ( NIN) er grunnleggende forskjellig fra kartlegging etter DN- håndbok 13, og særs relevant i denne sammenhengen kan nevnast:
- Krav om heildekkande kartlegging i NIN.
- Spesiellt for fjell, kor dei fleste naturtypane er raudelista vil det meste av naturen kvalifisere
som naturtypar etter NIN, uavhengig av kalkinnhald. I DN- håndbok 13 var det kun kalkrike
områder i fjell som skulle kartfestast.
- NIN- kartlegging produserer generellt fleire lokaliteter enn tidligare og fleire med høg verdi.
Strypefjell og Gaddafjell som planlagt trase skal gå over utgjere naturtypar av stor verdi, nært truede og sårbare naturtyper.
I følge bergrunnskart i NIN er fjellområdene som alternativ 1.0B2 og 1.0B går gjennom kalkrike, med glimmerskifer, kvartglimmerskifer og fylitt med kvartlinser. Kalkinnhald i hovedbergart = 4, der 5 er høgast og 1 er lavast. Desse fjellområdene er ikkje prioritert naturtypekartlagt i 2018, då det meste av berggrunnen i det totale influensområdet er kalkfattig og det etter datidens metodikk kun var kalkrike områder i fjell som skulle prioriteres.

I følge dagens gjeldande konsekvensutgreiings innstruks skal det tas hensyn til klimagass utslepp. Dette vil gjelde for annleggsvegar og annleggsområder i traseen, blant anna trase ved Høylandstosko- /hovda. Det er ikkje tatt hensyn til klimagassutslepp verken i KU frå 2018 eller Tilleggsnotatet.
Tilleggsnotatet til KU 420kV Haugalandet stadfestar vår meining om fråverande og slett arbeid i konsekvensutgreiinga frå 2018. Sjå punkt 3.6 i dette notatet, der det står at det « foreligger en iboende usikkerhet om at all relevant informasjon er fanget opp»..
Det er ikkje detaljkarlagt amfibier. NVE ignorerer at det er raudelista storsalamander nær trase både på Strypefjell og ved Tosko, Høylandshovda.
Trasee 1.0C og 1.0C2 vil gå gjennom eit av Etnes største område for storfugl, og tiurleikområder. Her lever mange forskjellige uglearter, blant anna hubro og haukugler.


VERNEOMRÅDER OG NATUROMRÅDER MED URØRT PREG:
Traseområdet fra Strypefjell – Kaldheimshovda er det einaste inngrepsfrie i det totale influensområdet. Etnefjellet har lidd store tap ved kraftutbygging, og alle fjellvatna utenom i dette området er regulerte. Ellers så skjemmer den gamle kraftlinja som går gjennom Etnefjellet til Sauda.
Slike områder som Strypefjell- Kaldheimshovda , som er naturområder med urørt preg skal vera eit styrande kriterium i arealpolitikken. Dette viser NVE ingen omsyn for.
Området der trase 1.0B, 1.0B2, og 1.0C, 1.0C2 er mykje nytta friluftsområder, noko ansvarlege for parkerinsplassen på Skarstølen og på Rus kan bekrefte. Traseen vil gi stor visuell skade frå mange populære utsynspunkt i fjellet som Nepadne, ( Etnes svar på Trolltunga), Hodlestadnuten og Dagsturhytta på Leiteshaugen, ved Rus.
Ei av DNTs populære og (finaste) Signatur gullrute vil og miste verdi om dette luftspennet kjem.
Den historiske driftavegen frå Kaldheim over Strype som kan dokumenterast å vera i bruk frå tidleg på 1600 talet vil skadast under annleggstida og ved vedlikehald av linja om maskiner skal beltast inn på fjellet slik Statnett har plan om.


SJØKABELALTERNATIVET:
NVE sin grunngjeving mot bruk av sjøkabel på denne kraftoverførslen er dokumentet « Haugalandet Nettforsterkning ,- Ny 420kV forbindelse Blåfalli/Gismarvik.- Vurdering av kabling» Dette er eit notat som kun omhandlar overordna vurderingar( føringar etter Stortingmelding 14 frå 2011-2012.) Dette notatet er ikkje haldbar som fullgod basis – dokumentasjon i forhold til dagens teknologi med tilhøyrande kostnadsestimat. Den tekniske beskrivelsen handlar mest om problem og komplikasjonar der referansane stort sett er over 10 år gamle. NVE meinar sjøkabel på denne overføringen vil innebera for høg risiko for at ein ikkje oppnår spenningskvalitet og sikker straumforsyning. Til dette må seiast at Statnett har vore med å lagt ca 3000 kilometer sjøkabel dei siste 10 åra. Kostnadsestimatet er antatt investering i nåverdi og heilt utan samfunnsøkonomisk perspektiv over kabelens levetid. I dette estimatet er heller ikkje tatt med ledetid/bygging,
( ein kan legge 10 kilometer sjøkabel pr døgn), Ledetida,dvs. høyringar og planlegging blir vesentlig kortare med sjøkabel då det vert færre høyringspartar. Drift og vedlikehald, leveringssikkerthet for ekstremvær og sabbotasje/ politisk uro, og HMS generellt er fordeler med sjøkabel som NVE og Statnett ikkje tar med i kostnadsestimatene. Enegitapet er og betydelig større i luftspenn enn i sjø -og jordkabel.

Med tanke på natur- og miljøinngrep er Stortingsmelding 14 frå 2011-2012 som seier at sentralnettet skal byggest i luftspenn basert på gammaldags syn på natur- og naturmangfaldsverdi. Denne meldingen var heller ikkje tenkt for ein så omfattande auke i utbygging av sentralnettet.Med dagens og framtidas behov for rein kraft er det særs viktig at det nå blir fokus på å føre krafta fram med den mest skånsomme metoden. Natur og naturmangfald har fått større verdi for folk flest, og me veit at det er feil å bygge ned natur for å nå klimamål. Dette er FNs naturavtale eit soleklart bevis på. Denne avtalen forpliktar også i denne kraftoverføringen.


Me ber om at OED går inn for ei heilskapleg konsekvensutgreiing av sjø- og jordkabel på denne kraftoverføringa av ein aktør som er uavhengig til Statnett/NVE.
Me legg til grunn Stortingsmelding 14- kap. 6, føringar av 300 – 400kV – og unntaket for å bruke luftledninger:
« Dersom ekstrakostnaden for kabling av ein begrensa delstrekning kan forsvarast med at det gir særlige miljøgevinster samanligna med luftledning og/ eller ein begrensa strekning med kabling kan gi ein vesentlig bedre totalløysing alle hensyn tatt i betrakting»
På bakgrunn av dagens kunnskap om verdien av urørt natur og naturmangfald, og Norge sine forpliktelsar til FNs naturavtale så kan me ikkje godta, og seie oss enig i NVE sin oppfatning om at omsøkt trase er den mest skånsomme for naturmangfaldet og miljø, heller ikkje i NVE si meining om at kunnskapsgrunnlaget som konsekvensutgreiinga baserer seg på er god nok, og at det ikkje trengs ny utgreiing etter nyaste føringar for konsekvensutgreiing av naturmangfaldet.


Me krev at sjøkabel skal nyttast på kraftoverførselen frå Blåfalli, slik at verdifull natur blir tatt hensyn til. Statnett, ved tidligare prosjektleiar Bente Rudberg har sjølv sagt at sjøkabel er det mest skånsomme alternativet for naturmangfaldet. ( teamsmøte/ folkemøte i desember 2020.) Statnett bekrefta og på folkemøtet i Ølen 24.05.23 at sjøkabel er fullt mulig å bruke på denne kraftoverføringa.
Me ber om at OED i samråd med Klima- og miljødepartementet tar omsyn til høyringsinnspela frå Etne kommune, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Rogaland og frå folket som krev sjø- og jordkabel på kraftoverføringa Blåfalli – Gismarvik.

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Grethe Tesdal fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...