Nei til nedleggelse av Åpen Barnehage i Sagene bydel!

Quoted post


Gjest

#16

2014-03-14 08:39

Kva er det de tenkjer på?

De ynskjer å leggje ned eit tilbod der mennesker uansett bakgrunn møtast og danner vennskap - vennskap som er viktige for at eit fleirkulturelt samfunn skal fungere. De ynskjer å kutte eit tilbod der ingen stiller spørsmål om kven du er, kor du kjem ifrå eller kva du har gjort før. Der terskelen for å gå inn døra er så liten at sjølv den svakaste kan klare det. De vil no fjerne ein møteplass der mennesker føler seg mindre åleine.

Åpen barnehage/Familiens hus i Åsengata på Torshov og Vannvokterboligen er ein møtestad der barnefamiliar i ein særs sårbar situasjon blir tatt vare på. Det er ein plass der ein grip inn på eit tidleg stadium og løyser problem før det vil koste samfunnet kanskje enorme summar.

At de i det heile vurderer å leggje ned eit slikt tilbod, viser teikn på lite kunnskap om kva som skal til for å få eit samfunn til å fungere.




Replies


Gjest

#19

2014-03-14 09:58:10

#16: -

Så veldig godt sagt!