Nei til nedlegging av Bjoa skule og barnehage
Rettes til deg som ynskjer at Bjoa skal vere ei levande bygd.
Bjoa skule og barnehage har stor verdi for bygda vår, for lag og organisasjonar, for samhald - og ikkje minst for den oppveksande generasjonen i bygda. Skulen og barnehagen har engasjerte tilsette som ser borna våre og gir dei eit godt fagleg utbytte. Elevar og born ved skulen og barnehagen har direkte tilgang til flotte naturområder med skog, sjø og fjell. Det er flotte uteområder med gapahuk og lavo som er opparbeida av dugnadsorienterte foreldre og omsorgspersonar. Skulen er eit naturleg samlingspunkt for store og små i bygda vår. Dette handlar om meir enn nedlegging av skule og barnehage. Det handlar og om nedlegging av ei unik dugnadsånd, nedlegging av fritidsaktivitetar og nedlegging av samhald i bygda.
Om du ynskjer å behalde Bjoa skule og barnehage for din eigen del, for nokon i familien, for nokon du kjenner eller rett og slett for born og tilsette ved Bjoa skule og barnehage - SIGNER!
Oppropet er laga på vegne av FAU og foreldrerepresentantar ved Bjoa skule og barnehage.
Kristin Alvseike Kontakt personen bak underskriftskampanjen