Nei til monstermaster i Etnefjellet! Ja til sjø- og jordkabel frå Blåfalli til Gismarvik!

Bilde113.png

Her er det føreslått sjøkabeltrasé cirka 60 km. frå Matre i Matrefjorden der SKL har sine fem Blåfalli Kraftverk. Sjøkabelen går inn til Sunnfør i Ålfjorden, for så å gå vidare med jordkabel til Våg i Tysvær og vidare til Årek/Grinde-området.

 

Me er ei gruppe som vart til etter at det gjekk opp for folket at Statnett hadde planlagt å rasera fjella og naturen vår med ein 420kv monstermastetrasé frå Blåfalli i Kvinnherad over Åkrafjorden til Skånevik- og Etnefjellet, og vidare ut bygdene til Gismarvik. Mange protesterte og skreiv under oppropet for å få Etne Kommune til å vera negativ til denne planen. Dette resulterte i at kommunen og mange andre leverte negativt innspel til høyringsfråsegna som var i desember 2020. Me har sidan dette jobba aktivt opp mot politikarar og NVE for at desse skal instruere Statnett til å komme med eit sjø- og jordkabelalternativ. Statnett har komme med ein tilleggssøknad som er ute på høyring nå, det er små ubetydelige endringar ved Strype og Høylandshovda i Etne. Sjø- og jordkabel er ikkje utreda, heller ikkje nemnt. Me vil sende dette oppropet der me krev sjø- og jordkabel greia ut i lag med våre innspel til ny høyringsfråsegn som har frist 13. februar 2022.

Er du einig med oss i at det er totalt feil å byggje ned meir urørt natur når det er teknisk mogleg og veldig enkelt å legge mesteparten av dette strekket i sjø- og jordkabel? Dersom svaret er  ja, er det veldig viktig at du signerer dette oppropet. Me treng mange røyster om me skal ha håp om å bli høyrt. Dette er så viktig for oss som er her nå, dei som kjem etter oss og ikkje minst for naturen og alle artar som har sitt habitat i dette strekket. Det er planlagt rundt 40 meter høge master og under desse må skogen vere rydda i 40 meter breie kraftgater. I tillegg til dette kjem tilkomstvegar som må byggjast, som nok blir permanente grunna framtidig vedlikehald av høgspentlinja. 

 

Bilde114.pngEitt av områda for den planlagte mastetraseen.  Her er mastene blitt satt inn i biletet for å illustrere korleis det blir dersom mastene kjem. Det som ikkje kjem fram på biletet er den 40 meter breie kraftgata under mastene. Foto: Espen Mills.

 

Dette temaet gjeld heile norskekysten, der Statnett planlegg oppgraderingar av nettet med bakgrunn i ein forventa forbruksvekst opp mot 220 TWh i 2050. Under ser ein utdrag frå Statnett sin nettutviklingsplan 2021, kor dei planlegg svært mange nye 420kV linjer i norsk natur. Då blir det bygd nye linjer nær eksisterande 300kV linjer. Då det er fullt teknisk mogleg å byggje 420kV sjø- og jordkabel i Noreg må vi starte med dette no.

 

Bilde15.pngBilde16.png

Ovanfor er dagens nett illustrert.

 

Bilde17.png

Utbyggjing ca. 2030.

 

Bilde18.png

Utbyggjing ca. 2050.

 

Skulle me bli høyrt, så vil denne saka bli ein vegvisar for andre linjer som Statnett har planar om. Skal me nå klimamåla som er sett, så treng me mengder med rein energi, men det er heilt feil å rasere meir urørt natur for å nå dette målet. Eit grønare Norge må gå inn i energieffektiviseringa sin tidsalder der naturøydeleggjande energiutbyggjing er eit tilbakelagt stadium!

I Stortingsmelding 14 (2011–2012) «Melding til Stortinget Vi bygger Norge – om utbygging av strømnettet», står det klart at «hovedprinsippet for bruk av jord- eller sjøkabel videreføres, men tydeliggjøres» og «i tillegg til alternative trasévalg og traséjusteringer, er kamuflasjetiltak, tiltak av hensyn til fugl, tilpasninger av anleggsperioden og bruk av jord- og sjøkabel eksempler på avbøtende tiltak som vurderes». Dette tek ikkje NVE og Statnett omsyn til.

Sjå vedlagt kart som viser korleis me tenkjer at ein sjø- og jordkabeltrasé kan gå frå Blåfalli til Gismarvik. Kostnad? Statnett hevda først at sjøkabel var ti gonger prisen på master, etter at me har stilt mange spørsmål er det nå kome ned i fire gonger meir... Me får ikkje tilgong til Statnett sine tal. Men i dette reknestykket må me rekna inn både klima, forsyningstryggleik og økonomi. Ein kostnad som ikkje kan reknast på same måte er tap av naturressursar. Prisen på monstermastene er også tap av rekreasjonsområder, jaktterreng og ikkje minst tap av habitat for mange viktige arter for evig tid.

Me krev at regjering, storting, og Energi- og miljøkomiteen instruerer NVE om å greie ut sjø- og jordkabelalternativet fullt ut. Det må kome ei ny Stortingsmelding om utbyggjing av strømnettet, NVE jobbar framleis etter St.14 2011-2012.

Signer oppropet for sjø- og jordkabel, og ver såleis med på å verne om den fine naturen vår.

Les meir om saka i Facebookgruppa «Nei til monstermaster i Etne/Skånevik og Etnefjella».

 

Bilde19.png

Slik ser Strypeheia ut i dag – eit populært og urørt turmål, i tillegg til jakt- og fiskeområde. Foto: Svein Egil Økland.

 

Bilde111.png

Illustrasjonsbilete: Slik blir Strypeheia i 2026 dersom me ikkje får gjennomslag for sjø- og jordkabel. Foto: Svein Egil Økland. 

 


Teknisk gruppe for sjø- og jordkabel, Etne v/ Johan Strømsvold, Dag Neraal og Grethe Tesdal.    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Teknisk gruppe for sjø- og jordkabel, Etne v/ Johan Strømsvold, Dag Neraal og Grethe Tesdal. fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.


ELLER

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...