Nei til kutt i Helse Førde – bevar trygge og gode helsetilbod i heile fylket
Til styret i Helse Førde og helseministeren
Vi ber om at dei foreslåtte nedskjeringane i Helse Førde blir stansa, då dei truar grunnleggjande helsetenester og eit godt helsetilbod.
Kuttforslag som rammer hardt
Nokre av dei mest kritiske forslaga som no ligg føre:
- Å samle barseltilbodet ved Kvinneklinikken i Førde, og redusere tilbodet ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjord til eit minimum etter det som er lovpålagt.
- Å flytte all ortopedisk aktivitet til Førde sentralsjukehus, med avvikling av skadepoliklinikkane ved sjukehusa i Nordfjord og Lærdal.
- Nedbygging av ambulansestasjonar.
Desentralisert helse er eit nasjonalt krav
Helsedepartementet sine nasjonale føringar er tydelege: Helsetenester skal vere nær folk. Det skal leggjast til rette for ein desentralisert struktur som sikrar likeverdige tilbod i heile landet, uavhengig av kor du bur. Dei foreslåtte kutta bryt med desse føringane. Helsehjelpa di skal ikkje vere avhengig av postnummeret ditt.
Ikkje sentraliser meir av barseltilbodet
Å redusere barseltilbodet i Lærdal og Nordfjord til eit minimum, og sentralisere tilbodet til Førde, svekker kvinnehelsa og signaliserer at fødande kvinner og småbarnsfamiliar i distrikta ikkje blir prioriterte. God Start ved Lærdal og Nordfjord sjukehus gir eit heilskapleg tilbod som møter kvinner lokalt, med kompetente jordmødre og helsepersonell som gir tryggleik og støtte gjennom heile svangerskapet og barseltida. For kvinner som bur langt frå fødeavdeling, gir dette ekstra tryggleik og beredskap. I tillegg er kapasiteten ved Kvinneklinikken i Førde allereie pressa. Å sentralisere tilbodet kan føre til både lengre ventetider og redusert kvalitet på tenestene som blir gitt.
Nærleik gir tryggheit
I eit land som Noreg er det viktig med helsetilbud som er nær folk. Sentralisering fører til auka reisebehov for både pasientar og pårørande, meir fråvær frå arbeid, større press på ambulansetenesta og lengre ventetider ved dei sentrale sjukehusa. Over tid kan dette bli kostbart, både økonomisk og menneskeleg. Det er ikkje ønskeleg med sentralisering av alle tenestene i Helse Førde til Førde Sentralsjukehus. Vi ønskjer å behalde modellen slik den er i dag, då den gir avgjerande tryggleik i ein del av landet med dårlig infrastruktur og lang reiseveg.
Helsetenester i distrikta – nøkkelen til arbeidsliv og bolyst
Ei svekking av helsetenestene i distrikta rammar ikkje berre pasientar, det påverkar også arbeidslivet, rekrutteringa og framtidig busetnad. Når grunnleggjande funksjonar som føde- og akuttberedskap blir bygde ned, blir det mindre attraktivt å etablere seg i distrikta, både for familiar og for fagfolk som vurderer å jobbe i regionen. Trygge og stabile helsetilbod er ein av dei viktigaste faktorane for bolyst, og er avgjerande for at arbeidsgivarar i både privat og offentleg sektor skal kunne rekruttere og halde på kompetente medarbeidarar.
Konsekvensane vil merkast hardt og breitt
Kutta i helsetilbodet vil svekke kvinnehelse, barselomsorg og akuttberedskap i distrikta. Reisetida for mange blir uforholdsmessig lang, og risikoen for forverring i akutte situasjonar aukar når lokale tilbod forsvinn. Dette handlar ikkje berre om økonomi, men om tryggleik, rettferd og kvalitet i helsetilbodet. Vi kan ikkje godta at grunnleggjande helsetenester forsvinn, då dette påverkar liv og helse, frå fødande kvinner med lengre og risikabel reiseveg, til barn og eldre som må køyre timevis for behandling.
✍️ Signer oppropet - vi ber om at Helse Førde finn løysingar som set pasienttryggleik og geografisk rettferd først.
iLag-initiativet ved Marit Selstad, Kristina Willoughby, Ingri Selstad og Thea Sørstrand Kontakt personen bak underskriftskampanjen