Ja til FARGE på Årøyhaugen Barnehage!
Som ein protest på avgjerda om å måle Årøyhaugen barnehage i Ørskog sentrum mørkegrå.
Mørkegrå er kanskje det motsatte av kva ein forbinder med små born i leik og utvikling. Det fins forskning og kunnskap på feltet som er tydeleg på at fargane vi omgir oss med har betydning for både trivsel og helse.
Vi ynskjer at omgivelsane til borna våre skal innby til kreativitet, gi impulsar og glede. Mørkegrå er ikkje svaret på dette.
Kva signal sender vi til omverden når ein ikkje klarer å velge ein farge som faktisk er ein farge på eit offentlig bygg som skal huse små born?
Dei skal være der 8 timar om dagen, 5 dagar i veka og fortjener farge på kvardagen sin.
Signér oppropet om du også synes borna fortjener farge!
For dei som er interesserte er her nokre artiklar som belyser saka:
"Grått er den fargen som påvirker oss mest negativt. Over tid blir vi depressive og tungsinnede i grå rom. Hvitt kan gjøre at du får mer hodepine og blir sliten, mens grått gjør at du kan bli mer lei deg."
Regine Amdam Haddal Kontakt personen bak underskriftskampanjen