Hjelp oss å redde Terna barnehage

Øygarden kommune har gjennom eit tverrpolitisk arbeidsutval utarbeida eit høyringsutkast til ein barnehage- og skulebruksplan der de kjem med tilrådingar til framtidig barnehage- og skulestruktur. Her er det tilrådd å avvikla gamle Øygarden sin einaste kommunale barnehage – Terna Barnehage, og det allereie frå neste skuleår. Kommunedelssenteret og Rong skulekrins står dermed potensielt utan eit barnehagetilbod dersom dette blir vedteke.

Nye Øygarden kommune har gjentatte gonger brutt løfta om ei rettferdig fordeling av ressursar og tenestestilbod i kommunen. I kommuneplanen (Samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 - 2034 Øygarden kommune) står det at «i kommunedelsentra skal ein styrke og videreutvikle tilboda innan detaljhandel, kommunale helse- og omsorgsteneste, skule, barnehage, kultur, fritid og idrett». Tilrådinga om å leggja ned drifta av kommunedelsenteret sin einaste barnehage er ikkje i tråd med denne planen. 

Dette betyr at dersom Terna barnehage blir avvikla og du bur på Rong og er forelder til eit born i barnehagealder, må du no reise 15 minutt i bil for næraste kommunale barnehage på Ågotnes. Har du ikkje har bil, må du gå i minst 1 time frå sentrale Rong for å koma deg til næraste private barnehage på Toftøy. Me meiner at kommunen med dette tek vekk foreldra sin fridom til å velja. Fleire som har borna sine i Terna barnehage har valt dette nettopp grunna nærleik, og ikkje alle har tilgong til bil. Busstilbodet her nord i kommunen er svært dårleg med maks ein avgang i timen innanfor barnehagen si opningstid. Fleire vil difor få store utfordringar med å få levert og henta borna før og etter normal arbeidstid.  

Terna barnehage er med på forskingsprosjektet Pro Dialog, som fokuserer på mental helse hjå små born. Då er det eit tankekors at arbeidsutvalet si løysing på eldrebølgja er å ramme nettopp desse borna.  

Barnehagen vår er viktig for oss og våre born, og den er ei sentral brikke i nærmiljøet rundt kommunedelsenteret Rong. Borna har tilgang til eit stort innelokale, uteområde, leikeområde i nærliggjande skog, bibliotek, kjøpesenter, idrettshall og symjehall. I tillegg har dei tett kontakt med Tednabakkane Omsorgssenter som ligg rett ved, til stor glede for både bebuarar og born.  

La oss stå saman om å redda barnehagen vår no!


Renate Sæle og Linn Therese Hagen    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Renate Sæle og Linn Therese Hagen vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...