Leve


Gjest

/ #8

2016-09-22 06:54

Eg signerte fordi eg har opplevd sjølvmord i nær familie og har dermed erfart for ei grusom sorg dette medfører.Ei sorg som lammar ein fullstendig.
Det verste er at det ikkje er krisehjelp i alle kommunar, mi søster vart oppringt av psykiatriteamet ein månad etter dette skjedde. Fastlegen tok ikkje kontakt, for han ville ikkje trengja seg på..Oppropet er viktig. Vårt samfunn treng meir kunnskap om sjølvmord, på alle nivå. Meir openheit og kunnskap er viktig.