Me vil behalda ambulansen på Osterøy


Gjest

/ #21

2014-02-03 18:57

Det er viktig for heile Osterøysamfunnet at ambulansen framleis vert stasjonert på Osterøy. Vegane på indre del av Osterøy er svingete og vedlikehaldet pr. i dag kan ein ikkje skryta av. Inne på Tysse er det fleire store bedrifter og om ulukka er ute, er ein avhengig av at ambulansen kjem så raskt som mogleg. Me kan ikkje godta lenger reiseveg for ambulansen når det står om tid. Ambulansehelikopteret kan då verta det mest realistiske alternativet om ambulansen får eit anna utgangspunkt enn Osterøy.
Er det kostnadssparande for framtida vår her på øya?