Opprop.net

Formuesskatt må vekk

T Tim Aase · NO

Formuesskatt må vekk

Vi som signerer dette oppropet meiner at formuesskatt må avviklast fullt og heilt, uavhengig av verdi på eigedom eller formue.

Formue som er skapt gjennom arbeid og inntekt det allereie er betalt skatt av, skal ikkje skattleggast på nytt år etter år. Dette opplevast av mange som dobbel- og fleirdobbelbeskatning og skaper økonomisk utryggleik for vanlege hushald.

Det som no blir ført og vidareutvikla av regjeringa, må stoppast. Dagens kurs rammar breitt og gjer det vanskeleg for mange å betale heilt grunnleggande utgifter som bustad, straum og mat.

Dette er eit prinsipielt standpunkt.
Det handlar ikkje om kor stor eigedom eller formue ein har, men om rettferd, føreseielegheit og respekt for vanlege borgarar.

Vi meiner at:

  • formuesskatt ikkje høyrer heime i eit rettferdig skattesystem

  • vanlege folk allereie bidreg meir enn nok gjennom skatt og avgifter

  • vidare innstramming og vidareføring av formuesskatten må stansast

Med dette oppropet ber vi styresmaktene om å:

  • avvikle formuesskatten

  • stanse dagens politiske kurs på dette området

  • lytte til vanlege folk og ta omsyn til reell betalingsevne

Dette oppropet er eit fredleg, demokratisk uttrykk for at nok er nok.

Formuesskatt må vekk.

Del denne underskriftskampanjen

Hjelp denne underskriftskampanjen å få flere signaturer.

Lim inn lenken i en melding og send den til venner som kanskje vil signere.




Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 3,000 personer.

Lær mer ...

Budsjett 5 € Rediger
Betalingsmåte
PayPalGoogle PayApple PayMobilePayKredittkort

Velg en betalingsmåte for å fortsette.