Bevar TAF i Vestland fylke!
I budsjettforslag til Vestland fylkeskommune for 2021 er stønad til Tekniske og Almenne Fag (TAF) på vidaregåande skular i fylket foreslått trukket. Oppropet er ein respons på dette forslaget, og ei generell oppfordring om å ta vare på TAF-tilbodet i Vestland fylke i framtida.
Dette er eit initiativ frå tidlegare TAF-elevar på Knarvik Vidaregåande Skule, og delast med tidlegare elevar frå nettopp Knarvik VGS. Me ynskjer å vise at me som har utdanning frå TAF har fått mykje ut av utdanninga og vorte ressursar for industri og samfunn. Dette er ein moglegheit me ynskjer at framtidig ungdom óg skal ha.
Om du ynskjer å ytre din motstand mot nedleggelse av TAF-tilbodet i Vestland fylke oppfordrar me deg til å skrive under på dette oppropet.
Me håpar óg at du vil fylle ut dette skjemaet, der me ynskjer å få vite litt fleire detaljar om deg. Det tek berre eit par minutt: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfkqO-Rp_AilB7flFyf_E0nzHV4-lmzxryfnq7_u9WMO5Qo3w/viewform?usp=sf_link
Runar W. Hagesæter og Sebastian T. Nygård, TAF-TIP 2013-2017, Knarvik VGS Kontakt personen bak underskriftskampanjen