Vi ber UDI om å stoppe den planlagde fullnedlegginga av mottaket i Ulstein og halde det ope.
I løpet av sommaren fekk alle bebuarane varsel om at talet skulle reduserast frå 200 til 150. Det skapte veker med uro før det vart avgjort kven som måtte flytte. No kjem varslinga om full nedlegging.
Vi har forstått det slik at UDI har starta fleire nye mottak, men at færre flyktningar enn venta har kome, slik at nokre mottak no må leggjast ned. Ulstein er eitt av dei. Uansett kva som ligg bak, er det bebuarane som må ta belastninga.
Mottaket er ein første stans medan folk ventar på behandling av søknaden om varig opphald. Her prøver familiar å skape ein kvardag, barna får vener i skule og barnehage, og mange i lokalsamfunnet har bygd opp støtte og relasjonar rundt mottaket.
For mange betyr ei flytting på kort varsel meir utryggleik, meir rot og endå ei riving opp av livet. Dei får berre ta med seg to koffertar, inkludert dyne og pute. Det er ikkje ein verdig måte å behandle menneske på.
Vi ber UDI om å revurdere nedlegginga av mottaket i Ulstein og ta omsyn til tryggleik, kontinuitet og den menneskelege belastninga for bebuarane før ei slik avgjerd blir gjennomført.