Opprop.net

Stopp hotellplanane i Bryggjeparken i Fyresdal

F Fyresdal SV og Naturvernforbundet i Vest-Telemark · NO

I kommunestyremøtet 19.03 blei omdisponering av eit areal i Bryggjeparken lagt fram til handsaming, utan høyring. Eit statleg sikra friluftsområde – eit område som kommunen sjølv bad staten om å sikre, nettopp for å halde det ope, tilgjengeleg for framtida. Kommunen tok på seg eit ansvar: å forvalte området til beste for allmenta, ikkje til særinteresser som t.d. hotell. 

Bryggjeparken er ein av dei mest brukte møteplassane i bygda. Her møtest ungar, familiar, eldre, turgåarar, badegjester og tilreisande. Kyrkja og gravplassen ligg tett på det aktuelle området, og er i dag ein plass for ettertanke og ro. Hotell i dette området vil endre heile opplevinga av friluftsområdet, og kulturmiljøet i tilknytting til kyrkja.

På under tre dagar har over 150 fastbuande allereie signert mot omdisponeringa på minsak.no. Det viser eit sterkt lokalt engasjement. Med dette oppropet opnar vi for at også andre som brukar og verdset området får høve til å seie ifrå: hytteeigarar, utflytta fyresdølar, feriegjester og naturinteresserte. 

Når kommunen vel å gå vidare utan høyring, går dei mot god forvaltningsskikk. Regjeringa har dei siste åra styrkt satsinga på kunnskapsbasert og berekraftig arealforvaltning, mellom anna gjennom etableringa av det nye Nasjonale senteret for berekraftig areal- og naturbruk. Avgjerder der natur, strandsoner og felles friluftsområder skal bygge på «langsiktige, berekraftige og rettferdige arealval».

Vi meiner at Bryggjeparken skal:

  • forbli open og tilgjengeleg
  • forvaltast langsiktig

Difor ber vi om at kommunen trekkjer søknaden til Miljødirektoratet. Vi krev at området  Bryggjeparken held fram som ope, grønt og tilgjengeleg for alle.

Signer oppropet – for opne og tilgjengelege friluftsareal, for medverknad og langsiktig forvaltning.

Prestestronda.jpg

____________________________________

Les meir om området rundt Bryggjeparken, om du er interessert:

Riksantikvaren har peika ut 33 landskap i 14 Telemark-kommunar som er med i rapporten «Kulturmiljø og landskap av nasjonal verdi». Område nr 5 er «Folkestadbyen. Handelssted og kirkested».
 
Om dette området seier Riksantikvaren:
«Nede ved Fyresvatn, lengst vest i kulturmiljøet, ligg eit gravfelt frå jernalder og Moland kyrkjestad. Dagens kyrkje er frå 1843 og er listeført. Kyrkjestaden går til bake til mellomalderen, og det har tidlegare stått to kyrkjer på staden. Den fyste kyrkja var ei stavkyrkje som vart erstatta av ei korskyrkje i tre i 1665. Like ved ligg prestegarden som var eit viktig senter for kunnskap i bygda. I Øyskogen inntil Folkestadbyen ligg Fyresdal bygdemuseum som blei stifta i 1909. På museet er det eit større gravfelt frå jernalderen og fleire tilflytta bygningar frå ulike gardsbruk i kommunen. Det er registrert 18 gravhaugar på gravfeltet. Fleire av desse er godt synlege. Gravfeltet vitnar om at busetnaden på staden går langt tilbake i tid.»
 
Bryggjeparken1.jpg
__________________________________
 
 
Sjå kommunestyremøtet 23.4.26 for informasjonen kommuneleiinga legg fram om saka.

Del denne underskriftskampanjen

Hjelp denne underskriftskampanjen å få flere signaturer.

Lim inn lenken i en melding og send den til venner som kanskje vil signere.




Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 3,000 personer.

Lær mer ...

Budsjett 5 € Rediger
Betalingsmåte
PayPalGoogle PayApple PayMobilePayKredittkort

Velg en betalingsmåte for å fortsette.