Nei til kunstgras på Brann Stadion
Vi meiner at Brann ikkje bør legge kunstgras på Brann Stadion. For oss er graset på stadion ein viktig del av identiteten, historia og sjela til klubben. Det å vere Brannsupportar handlar om kjensler og derfor er graset viktig for mange av oss. Vidare er vi svært kritisk til prosessen Brann har gjennomført. Frå å vere ein klubb som tidvis var interessert i å lytte til signala frå omgjevnaden er klubben no mest oppteken av å opplyse andre i etterkant slik at vi kan forstå at Brann alltid gjer alt rett. Ut frå
eit fagleg perspektiv ynskjer landslagssjefen i Noreg at klubbane skal ha naturgress. Då er det merkeleg kor lett Brann kjem fram til ei avgjersle i ei vanskeleg sak som betyr så mykje for mange.
Magne Juuhl Kontakt personen bak underskriftskampanjen