Ja til Bokbåt i Møre og Romsdal!

Sidan midt på sekstitalet har det vore bokbåtdrift i Møre og Romsdal. To gongar i året besøker bokbåten små bygder inne i fjordane og ute på øyane, lasta med bøker, kultur og opplevingar. Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer og er ansvarleg for drifta.
Den same båten går også i Hordaland, men sjølve drifta er satt ut til eit folkebibliotek noko som er meir i tråd med utviklinga.

No er et slik at fylkeskultursjefen og fylkesbiblioteksjefen i Møre og Romsdal ønskjer å legge ned drifta av bokbåten  her i fylket. 
Kultur- og folkehelseutvalet har utsatt avgjerda med eitt år, til juni 2019, og administrasjonen skal utgreie vidare moglegheiter.

Vi meiner at om det skal bu folk på små stadar i Møre og Romsdal, må det skje noko der. Og det er heilt uforståeleg om ikkje kulturen kan kome sjøvegen i kystfylket Møre og Romsdal. Ingen annan insitusjon har formidla litteratur og bringa kultur ut i distrikta i så stor skala som bokbåten har gjort. I staden for å legge ned, meiner vi at bokbåten kan moderniserast og utnyttes meir. 

Vi ser på bokbåten som ein viktig litteratur- og kulturformidlar for dei som bur i utkantane i fylket vårt. Vi ber Kultur- og folkehelseutvalet sjå på nye måtar å drifte og organisere bokbåttenesta på, modernisere i staden for å legge ned, og sikre vidare drift av bokbåten i Møre og Romsdal.