ME SOM ØNSKJER GAMLE ØYGARDEN KOMMUNE TILBAKE

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Oppdatering i saka, per 23.1.22

2022-01-23 16:58:28

Etter vedtak i tre kommuner Øygarden, Fjell og Sund vart det, i juni 2016, vedteke samanslåing til ein kommune, som seinare fekk namnet Øygarden kommune.

I gamle  Øygarden kommune vart vedtaket gjort med 15 mot 8 røyster (Arbeidarpartiet, SV og ein representant frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden). I Sund var det Senterpartiet sine to representantar og ein representant frå Arbeidarpartiet som røysta imot. I Fjell kommunestyre vart vedtaket gjort samrøystes.

Med det vart grunnlaget for Nye Øygarden skapt. Krav om ei folkerøysting vart avvist då ein ikkje meinte det var tid til det, men innbyggjarane skulle få seie si meining gjennom ei innbyggjarundersøking  der 1000 personar i Fjell, 589 personar i Sund og 602 personar i Øygarden vart oppringt frå Opinion. I Fjell og Sund vart det klart JA fleirtal med høvesvis 77 % i Fjell og 72% i Sund. I gamle Øygarden vart det klart  NEI fleirtal  med 52 % mot 42 % JA.  

I saka som vart lagd fram for kommunestyret i gamle Øygarden i juni 2016, vart resultatet av innbyggjarundersøkinga omtalt slik: “Med 602 respondentar i Øygarden, kan me trygt argumentere for at det klare nei-fleirtalet i Øygarden ikkje er overveldande. Samstundes er det å slå fast at det dreier seg om eit signifikant nei-fleirtal i populasjonen.” (vår utheving).

Det at 52 % sa NEI til samanslåing brydde ikkje fleirtalet i kommunestyret, i gamle Øygarden kommune, seg om.  

I mai 2021 signerte minst 500 personar  eit opprop om som sa eit tydeleg JA til å ta tilbake gamle Øygarden kommune og sikre at råderetten over kommunen skal vere i innbyggjarane eigne hender. I kommunestyret 30.9. 2021, fremja Nils Bjarte Sæle ( R) eit  framlegg som anmodet  administrasjonen om å forberede sak om folkeavstemning til neste KS møte, hvor juridiske, økonomiske og praktiske forhold fremgår. Framlegget fekk 8 røyster (R (1), Sp (4), SV (2), Bjarne Bergesen (FNB)) og fall.  

Etter framlegg frå Silvia Haugland (H) vedtok kommunestyret ( sak 114/2): “Kommunestyret vel å ikkje imøtekoma innbyggjarinitiativet og vedtek å ikkje gjennomføra ei folkerøysting kring reetablering av gamle Øygarden kommune,” Framlegget fekk  36 røyster ((AP (8), MDG (2), Einar Hadler Jakobsen FNB), Anfinn Feng (uavhengig), (H (10), FrP (4), SL (5), V (1), KrF (4) og vart vedteke.

Kva gjer me no?

Me som har teke initiativ til å løyse opp den nye kommunen meiner at tidlegare Øygarden kommune vart tvinga inn i ny kommune mot innbyggjarane si vilje. Grunngjevinga som vart sett fram i innbyggerinitiativet er forsterka i etterkant. Ein velfungerande skule, i Blomvåg, er med eit lite fleirtal vedteke lagt ned og elevane vert mot folkeviljen,send til to andre skular. Heile 1500 personer skreiv under opproet om å behalde skulen, og at den nye kommunen fyrst måtte utarbeide ei sak om ny skulestruktur etter at samfunnsdelen av ny kommuneplan vart vedteke. Den skal handsamast i 2022. Ved val, til nytt kommunestyre i 2019, var det eit fleirtal av partia som hadde programfesta at ein ville behalde skulestruktur i den nye kommunen. Det same vart lova i intensjonsavtalen for den nye kommunen. Dette vart ikkje halde. Det er makta som rår.  

Nedlegging av dette viktige tenestetilbodet i Blomvåg og avvising av sak om folkerøysting, viser med all tydelegheit at tidlegare Øygarden kommune vert overkøyrd av eit fleirtal i det nye kommunestyret, eit fleirtal som i hovudsak er rekruttert frå tidlegare Fjell og Sund.  

I februar 2021 vart valkrinsar i nordre del av kommunen endra utan offentleg debatt, og utan å involvere innbyggjarorganisasjoner. Det er og å merke seg at nye valkrinsar såg ut til å vere tilpassa framlegg om nye skulekrinsar. Dette vart argumentert økonomisk frå kommuneleiinga, og syner korleis utkantane sine interesser gradvis vert endra i det “skjulte”.  

Me som står bak initiativet for å få til ei folkerøysting kjenner me har innbyggjarane våre i ryggen når me krev folkerøysting om å få kommunen vår attende. Det er difor me kjenner på stor avmakt når eit fleirtal i det nye kommunestyret ikkje ein gong ville førebu og greie ut ei sak om folkerøysting i gamle Øygarden kommune.

Kven kan då hjelpe oss? Er me stokk fast eller er det nokon veg å ta seg vidare langs no?  

Den nye Regjeringa har lova drahjelp til at kommunar som vart tvungne saman, skal få saka si prøvd på ny. Me meiner at vår kommune vart slått saman mot folkeviljen. Me har difor bedt Regjeringa ved Kommunal og moderniseringsdepartementet om å vurdere saka om kommunesamanslåinga, som ein sak som fell inn under kommunar som er vorte slått saman med tvang, og at Øygarden kommune kan søkje om oppløysing på dei vilkåra som departementet  opplysar om i pressemelding av 12.11. 2021, til  aktuelle kommuner og fylkeskommuner.

Me har og bedt Statsforvalter i Vestland om å foreta lovlegkontroll av kommunestyret sitt vedtak, av 30.09.21, om ikkje å leggje tilrette for ei folkerøysting slik mange i gamle Øygarden krev.

 

Tove May Storebø

På vegne av alle som har skreve under opprop om å få halde folkerøysting om å få reetablert kommunen vår.


Tove May Knarvik Storebø

Sakens gang

2021-05-10 20:27:47

I dag 10 mai 2021 blei saken sendt til Øygarden kommune for videre behandling.


Tove May Knarvik Storebø



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...