Stopp sanering av setrene i Vesllie!

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Seier i fyrste runde, men kampen fortsett!

2019-08-23 06:57:37

Til alle som har skrive under på oppropet mot sanering av setrene i Vesllie på Dovrefjell: Tusen, tusen takk for eit heilt overveldande engasjement!! Vi er no berre nokre få signaturer unna å bikke 16 000 underskrifter! Og det enorme engasjementet har blitt lagt merke til. Som dei fleste sikkert fekk med seg; valgte klima- og miljøministeren måndag denne veka, å utsette rivinga av setrene i Vesllie iallfall til neste år! :) 

Denne saka har blitt noko meir enn «berre» å gjelde eksistensen av fem seterhus på Dovrefjell. Ho har blitt ei prinsippsak. Oppropet har samla underskrifter frå absolutt heile landet, og frå by og bygd. Folk er lei av å bli overkøyrt, og lei av å kjenne på at den kunnskapen og kompetansa lokalbefolkninga sitt på ikkje er noko verdt. 

Vedtaket om utsetting betyr ikkje at kampen er vunne, og at vi berre kan lene oss bakover og «kvile på våre laurbær». Men så er heller ikkje det noko vi bygdefolk er vandt med å gjere; vi bretter opp ermene og jobbar på vidare! Og vi håper at de alle vil stå bak oss og støtte oss og i fortsettinga! Vi vil fortsette kampen mot sanering av setrene i Vesllie; og vi vil fortsette kampen mot overkøyring og manglande lokal sjølvråderett. Del gjerne oppropet; oppmod naboen om å signere. Vi har sett at engasjementet blir lagt merke til; og saman kan vi sørge for at det ikkje blir lett å oversjå oss i det vidare arbeidet heller!


Ellen Marie Sørumgård Syse

Tusen takk!!

2019-08-01 10:01:45

Tusen takk til alle dykk 816 som har skrive under på dette oppropet! Vi sett så stor pris på all støtte!

No er underskriftene skrive ut og er straks på tur til Oslo og klima- og miljøministeren sitt kontor.

Eg lar oppropet ligge ute ei stund til i fall fleire vil signere.

Tusen takk! 


Ellen Marie Sørumgård Syse



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...

Facebook