Nei til hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset
Underteikna ber Bremanger kommunestyre om å seie
Nei til FFI sine planar om etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset og
Nei til omregulering av LNF-områda i Holmane og på Holmaneset.
Fabrikken vil vere eit omfattande naturinngrep i det vakraste området i Nordgulen. Området består av verneverdige og sårbare naturtypar og ligg nær Tennøyane naturreservat. Ved ei eventuell utbygging vil mykje av dette verte øydelagt, og området vil verte tapt som utfarts- og rekreasjonsområde for folk.
Ved ei eventuell ulykke vil store delar av naturen verte skada.
Ei ulykke med utslepp av ammoniakk vil òg kunne true liv og helse for folk som bur langs Nordgulen, og dette er noko mange er sterkt urolig for.
Frode Steinset Kontakt personen bak underskriftskampanjen