NEI TIL NEDLEGGING AV FITJAR VGS! Fitjar ungdomsråd kjempar for skulen! Vil du bli med? Signer og del!

ME I FITJAR UNGDOMSRÅD SEIER NEI TIL NEDLEGGING AV FITJAR VGS! ER DU EINIG? Signer og del!

Fitjar ungdomsråd er sterkt i mot nedlegging av Fitjar vgs. Me håpar at så mange som mogeleg vil vera med å støtte oss i kampen mot nedlegging av denne unike og inkluderande skulen.  

Fitjar vidaregåande skule er ein skule som er god for alle elevar enten dei er sterke fagleg / sosialt, eller har utfordringar på ulike område.  Mange elevar som ikkje har greidd å gjennomføre vidaregåande opplæring på større skular , har kome seg  gjennom  heile skulelaupet på Fitjar vgs, og vidare gjennom høgskuleutdanning og har til slutt  fått seg gode jobbar.

Mange elevar klarer å gjennomføra utdanninga si fordi Fitjar vgs er ein «liten» og oversikteleg skule fordi dei får den tryggleiken og oppfølginga dei treng. Elevane på Fitjar vgs  går ut med høgare karakterpoengsum enn kva dei kom inn med. Det er også sterk reduksjon i talet på elevar som får karakteren 1 eller IV (ikkje vurdering)

Ved å vidareføra Fitjar vidaregåande skule vil ein ta vare på eit robust kompetansemiljø og eit godt fagleg tilbod til elevane. 

Fitjar vgs er også ein svært viktig institusjon for lokalmiljøet, t.d det gjeld rekruttering av fagkompetanse i m.a. helse og omsorg, og samarbeid med næringsliv og bygda elles. Vidaregåande skular, lokalt busetnadsmønster, og lokalt arbeidsliv heng saman.

Me ber fylkespolitikarane om å opne augene for viktigheita av å ha eit variert tilbod for videregåande opplæring som kan femne alle. Me ber også om  tilbodet om videregåande skular i distrikta vert styrka og IKKJE  utarma slik det no kan vera på veg til å bli.

For ein del elevar er det heilt avgjerande at det finst skular med mindre tilhøve der alle elevane vert sett. Difor er me imot at alle liner skal samlokaliserast på ein stor skule. Dersom fylke ikkje tek omsyn til at det finst individelle behov i samfunnet vårt, kan det dei  sparar på stordriftsfordelar fort  vise seg å verte ei svært dyr rekning, i form av «drop out». Dette meinar me er svært dårleg samfunnsøkonomisk planlegging.

Me ber fylkespolitikarane syte for at  dei innbyggarane som bur i distrikta skal få eit like godt og variert  tilbod om vidaregåande skulr som dei som bur i Bergensregionen.  Eit døme på at dette ikkje fungerar er at ein føreslår  å legge ned dei kreative linene både på Stord og på Fitjar og flytte dei til Bergen. Då må 15-16 åringar flytte langt bort frå heimane sine og bu på hybel for å kunne ta ei slik utdanning.



NEI til nedlegging av Fitjar vgs!        

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Fitjar ungdomsråd fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...