NEI til nedlegging av kjøkenet på Hornindal Omsorgssenter!

Volda kommune har kome med forslag om å legge ned kjøkenet på Hornindal Omsorgssenter. 

God ernæringsstand er ein viktig føresetnad for helse og livskvalitet. Mat betyr mykje og er ei glede i kvardagen for mange. I tillegg har vi minner knytt til mat. På kjøkenet i hornindal lagar dei:

  1. 10 heimebaka brød 3 gongar i veka. I tillegg til heimelaga loff til helgane. 
  2. Nylaga lunsj kvar dag. (Som regel varm)
  3. Nylaga middag kvar dag.
  4. Dessert eller nylaga kake til kaffien kvar dag.
  5. Julebakst og julekaker

Kjøkenet følgjer tradisjonane: fårikålsdag, feitetysdag, olsok, jonsok osv.

Kjøkkenpersonalet ser bebuarane og møter behova. Menyen vert laga ut i frå kva bebuarane er vande med og likar. i tillegg vert nylaga mat tilpassa og most til dei som treng det, og dei som har eigne ynskjer får det. 

Underernæring er eit stort problem i norske sjukeheimar. Vi tillet ikkje at dette også kan verte eit problem i Hornindal!! 

No må vi stå opp for dei eldre og sjuke. For våre oldeforeldre, besteforeldre og foreldre. For vår eiga helse og livskvalitet i framtida.

 

Underskrifter vert teke med på møte med politikarar i Hornindal 9.september, og vil verte brukt som argument i diskusjon med Volda kommune.


Lina Rebekka Kobberstad    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Lina Rebekka Kobberstad vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...