Vi treng gangveg i Åmdalen!
Åmdal i Ørsta kommune er ei levande bygd med to fulle skular, barnehage og idrettsanlegg. Bustadfelt er på trappende og her bur både eldre og småbarnsfamiliar. Fylkesveg 655 er ein tungt trafikkert gjennomfartsåre, med både tungtransport, pendlarar til og frå Sæbø/Ørsta og turisme med Sunnmørsalpane like ved. Fylkesvegen er også einaste vegen innbyggarane kan nytte for å kome seg til naboar og aktivitetar. Dette resulterer i unødig bruk av busskyss til skule, og bruk av bil til og frå aktivitetar. Mangel på gangveg har resultert i både dødsulykke og nestenulykker for mjuke trafikantar. No er det på høg tid vi får ferdast trygt langs vegane og at gang- og sykkelveg vert prioritert mellom skulane i Åmdalen.
Viktige argument for gang- og sykkelveg langs FV655:
- Dødsfall og ulykker langs strekninga
- To fulle barneskular og behov for trygg skuleveg
- Aukande trafikk med opptil 4000 passeringar dagleg
- Stor belastning av tungtransport til og frå grustak, tømmertransport, anleggstraktorar, melkebilar, slaktebilar, fôrbilar og anleggsmaskiner
- Vegen har minimum breidde for midtlinje og gir falsk tryggleik
- Einaste vegen mellom naboar, skular og fritidsaktivitetar
- Det grønne skiftet og folkehelse; redusere trafikk og legge til rette for sykkel- og fotturar i nærmiljøet, også for dei med barnevogn og funksjonshemming
Brautaset grendalag Kontakt personen bak underskriftskampanjen