Vi ønsker å behalde 1. - 7. trinn på Tornes skule

Kommunestyret i Fræna vedtok 08.11.2018 å flytte 5. - 7. klasse ved Tornes skule til ein ny storskule ved Haukås og behalde 1. - 4. klasse på Tornes. Dette strid mot fleire av planane til kommunen (intensjonsavtalen, kommuneplan, kvalitetsplan for frænaskulen 2017-2020) samt fleire lovverk (Barnekonvensjonen, folkehelseloven). Innbyggjarane meiner dette vedtaket har særs uheldige helsekonsekvensar, både psykisk, fysisk og sosialt for elevane frå Tornes skulekrets.

 

  • Vi ønsker å behalde Tornes skule som ein fullverdig skule med 1. - 7. trinn.
  • Vi ønsker at flest barn skal kunne gå / sykle til og frå skulen.
  •  Vi ønsker at barn i vår skulekrets skal få fortsette i trygge og kjente omgivelser.
  •  Vi ønsker ikkje å utsette barna våre for den ekstra påkjenninga med fleire skulebytte.
  •  Vi ønsker at det legges til rette for småbarnsfamilier.
  •  Tornes er ei bygd i vekst og kommunen bør legge til rette for fortsatt vekst i området.