Uttale vedrørande sak 20/1318 - Lote - offentleg ettersyn av kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune 2021-2031

Uttalelsen gjeld for områdene Breivika v/Lotetunellen (VA55) og Lotestranda (VA56).

Ved å signere oppropet støttar du uttalelsen som er utarbeida i eiga dokument med samme tittel, og som i korte trekk underbygger og supplerer konsekvensutredningas konklusjon om at lokasjonane er uegna og uønska til akvakulturformål/fiskeoppdrett. Heile uttalelsen er kopiert inn nedanfor. 

Skriv gjerne inn din adresse/gardsnummer i kommentarfeltet for å framheve lokal tilhøyrsel (om relevant). 

Takk for di støtte!

Venleg helsing,

Arild Lote Henden og Henrik Tryggestad Koi

Lote.jpg

 

-----------------------------------------------------

Uttale vedrørande sak 20/1318 – Offentleg ettersyn av kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune – 2021 -2031
Dette er ei uttale gjeldande for følgande felt:

  • Breivika v/Lotetunellen (VA55)
  • Lotestranda (VA56)

Oppsummering frå KU er at Breivika v/Lotetunellen og Lotestranda ikkje er tilrådd til noko form for akvakultur. Dette med bakgrunn i fiskeri, låssettningsplassar, natur og artar av stor forvaltningsinteresse, avstand til eksisterande oppdrett, lus problem, friluftsliv og turisme/camping.

Vi støttar oss til KU sine tilrådingar om å ikkje legge til rette for akvakultur ved Breivka v/Lotetunellen (VA55) og Lotestranda (VA56). Vidare vil vi supplere opplysningane og argumenta til KU.

Naturmangfald

  • Felta ligg plassert i område med mykje pigghå. Pigghåen er oppført i Norsk rødliste for arter og er sterkt truet EN i følgje artsdatabanken (Norsk rødliste for arter (artsdatabanken.no)). Utslepp av kjemikaliar, kopar, ekskrement og fôrrestar vil øydelegge habitatet til pigghå.
  • Områda er plassert rett ved kalve- og beiteområde for hjort. Dette har vore vinterbeite i lange tider og har vore ein plass med hjort lenge før hjort var å sjå på innmark. Ein fordel med dette vinterbeite er at hjorten som er på vinterbeite i dette område påfører lite eller ingen belastning på innmark. Støy og lys kan føre til at hjorten flyttar seg til andre stadar, noko som vil vere uheldig for bønder og hjorten.
  • Det er hekkeplassar for ørn i området. Støy og lys vil vere ei belastning for desse.
  • Det er registrerte observasjonar av den rødlista arten hubro i relativt kort nærleik (Gloppen og Eid/Stad), og sett i lys av at «…den foretrekker bratte bergskrenter…» kan ein ikkje utelukke tilstedeværelse av arten i dei uberørte skogs- og fjellområda på nordsida, Faktaark: Hubro (artsdatabanken.no). Statsforvalteren i Vestland har for tida ein pågåande aksjon for kartlegging og bevaring av arten (https://www.statsforvalteren.no/vestland/miljo-og-klima/naturmangfald/har-du-sett-eller-hoyrt-hubro/).
  • Støy og lys frå anlegget vil skape problem for dyra i området langs Lotsstranda, både på land og i sjø. Normalt er dette eit stille område, utan påverknad frå menneskeleg aktivitet, med unntak av oppdrettsanlegget Hundvika Aust og eit par dagar med jakt i løp av året. Lydforureining er ein trussel mot livet i havet - Fjordenes Tidende (fjt.no)

Fiskeinteresser/marine ressursar

  • Felta ligg plassert i område med mykje pigghå. Pigghåen er oppført i Norsk rødliste for arter og er sterkt truet EN i følgje artsdatabanken (Norsk rødliste for arter (artsdatabanken.no)). Utslepp av kjemikaliar, kopar, ekskrement og forrestar vil øydelegge habitatet til pigghå.
  • Felta ligg i vandringsvegen for laks til Strynevassdraget (NMBU, MINA fagrapport 61 av Thrond Odvar Haugen, Henning Andre Urke og Torstein Kristensen, 2019, ISSN 2535-2806), Loelva og Oldeelva, i tillegg ligg området svært nærme vandringsvegen for laks og aure i Gloppeelva, Ryggelva, Ommedalselva/Åelva og Hopselva. Fare for smitte av laksesjukdommar og lakselus til villfisk er høg.
  • Bestanden av vill aure i Strynevassdraget er spesielt trukket fram som så lav at uttrykk som «urovekkjande» og «rekrutteringsbegrensa bestand» er nytta. (NMBU, MINA fagrapport 48 av Henning Andre Urke, Thrond Odvar Haugen, Gaute Kjærstad og Jo Arve Alfredsen, 2018, ISSN 2535-2806).
  • Feltet ligg plassert i område med taskekrabbe, bergylte, lyr og torsk og utslepp av kjemikaliar, kopar, ekskrement og fôrrestar vil øydelegge habitatet til desse fiskane og kan føre til utrydding.
  • Området har hatt problem med lite fisk i nyare tid. Dette etter fiskebåtar fiska opp store mengder fisk tidleg på 2000-talet og endra mengde aure og laks i fjorden av ukjent årsaker. Det er også eit problem at mange av fjordfiskane ikkje vandrar, dette gjeld blant anna kysttorsken. Dei er dermed ekstra sårbare for overfisking og øydelagde habitat.

Vassmiljø

  • Lokasjon Hundvika Aust har store problem med lakselus, og dei rapporterte nivåa har vore langt over Mattilsynets maksimumsgrense. (Åpne data - BarentsWatch)
  • Lokasjon Hundvika Aust fekk i 2020 påvist pankreassykdom (PD). (Åpne data - BarentsWatch)
  • Lokasjon Hundvika Aust hadde i 2020 store problem med fiskesjukdommar (Rickettsia), som medfører høg dødelegheit. Sjukdommen er i utgangpunktet ikkje veldig dødeleg, men høgare temperaturar kan gje verre utslag. Temperaturane i framtida er som kjent venta i stige som følgje av klimaendringane. Åpne data - BarentsWatch.
  • I tillegg har det vore mykje vær, vind og straumar for oppdrettet på Hundvika Aust.
  • Lokasjon Hundvika Aust er per no lagt brakk. Åpne data - BarentsWatch
  • Lokasjon Haneholmen i Gloppen har påvist pankreassykdom (PD) i perioda 2014-2018. Åpne data - BarentsWatch
  • Lokasjon Torvneset fekk i 2020 avslag på søknad om etablering av akvakultur i området. Mattilsynet grep inn og begrunna avgjersla med ein «uakseptabelt høg risiko for spreiing av smitte til oppdretta og vill fisk». Får ikkje lov å etablere det nye akvakulturanlegget på lokaliteten - Fjordenes Tidende (fjt.no).
  • Området er vurdert å ha mykje rømming av oppdrettslaks.
  • Stor genetisk endring er påvist i om lag halvparten av den ville laksebestanden, tilstanden er derfor vurdert å vere dårleg.
  • Robustheit mot innkryssing er vurdert som dårleg.

Kulturminne og kulturmiljø

  • Der er kjente kulturminne ved Lotsstrandebøen og ved Lotestranda. Der står gamle fiskehytte på begge stadane og festepunkt for garn ved Lotestranda. (VA55)
  • Kommunen si strandsonevurdering frå 2007 som var ei «vurdering av strandsona i Eid kommune med sikte på attraktive område for ålmenheita» trekker frem følgande områder med allmenn verdi, Microsoft Word - strandsonevurdering (gisline.no):
    o Hamnaneset – Lotsstrandebøen
    o Breivika
    o Fureneset
    o Årskogvika
    o Lotestranda

Landskap

  • Området er ein svært populær plass for landskapsfotografering, både for turistar og Nordfjordingar. Dette på grunn av den heilt spesielle opplevinga av det vestnorske fjordlandskapet, og som i dette sjeldne tilfellet har svært få «forstyrrande» element og menneskelege inngrep. Den breie og lange fjorden med dei høge Skjerdingane i sørvest og den uberørte edellauvskogen i nordvest sett ei uerstatteleg ramme for opplevinga.
  • Vi meiner at den negative visuelle effekten som oppdrettsanlegg medføra vil gjere området mindre attraktivt for turistar.
  • Den same negative visuelle effekten vil også være gjeldande for dei rundt hundre årlege cruiseanløpa gjennom Hundvikfjorden.
  • Kommunen sitt positive og grundige arbeid rundt reiseliv og turisme i regionen trekker fram «oppleving av naturen», «oppleving av fjella» og «oppleving av fjordane» som særleg viktig for både norske og internasjonale turistar, strategi-for-reiseliv.pdf (stad.kommune.no). Vi ønskjer å bevare og verne om den gode nuturopplevinga turistane får ved ankomst Lote ferjekai eller om bord på cruiseskipet innover fjorden.

Nærmiljø og friluftsliv

  • Lys og støy vil skape ei belastning for dyr og menneske. Forsking viser at både dyr og fisk blir påverka av støy.
  • Områda er aktivt brukt til jakt, fiske og friluftsliv.
  • Årskogvika Camping er nytta av folk for rekreasjon, natur- og friluftsopplevingar. Gjestane søkjer ro frå elles travelt byliv og synest at Lote er ein stille og fredfull plass.
  • Årskogvika er ein viktig badeplass i kommunen og på fineværsdagar er det mellom 50 og 200 badegjestar gjennom heile sommaren. Avstanden frå Årskogvika til VA56 er under 800m. (VA56)
  • Årskogvika er nytta til vassportar, fisking og fritidsaktivitetar. (VA56)
  • Vi meiner at Årskogvika er eit svært viktig friluftområde. Dette med tanke på bading, rekreasjon, vassport, camping og toalettanlegg. (VA56)
  • Bygda brukar mykje tid på å halde strandsona vedlike og gjere det til ein attraktiv plass å bu og for aktivitetar. (VA56)
  • I 2020 varsla kommunen oppstart av «Kartlegging av friluftsområder», Kartlegging av friluftsområder - Hovedportal (stad.kommune.no), basert på Miljødirektoratets veileder «Kartlegging og verdsetting av friluftsområder», M98.pdf (miljodirektoratet.no). Med utgangspunkt i verdsettingskriteria meiner vi at friluftsområdet rundt Årskogvika og vidare utover langs strandsona bør oppnå ein samla høg vurdering, og med det bli definert som eit «svært viktig friluftsområde» når kartlegginga ferdigstillast (om den ikkje allereie er det).
  • Fleire av strandområdane som kan bli berørt av forslaga, og således i praksis gjerast utilgjengeleg for allmenheten, er i gjeldande kommunal arealdel merka med H530 og H560 som inneberer at det skal gjerast særlege omsyn.

Barn og unge

  • Områda er nytta til friluftsliv og fiske
  • Årskogvika er ein viktig badeplass i kommunen og på fineværsdagar er det mellom 500 og 200 badegjestar gjennom heile sommaren. Avstanden frå Årskogvika til VA56 er under 800m.
  • Årskogvika er nytta til vassportar. (VA56)

Teknisk infrastruktur

  • Teknisk infrastruktur er som kjent fråverande på foreslåtte lokasjonar. Den eine av forslagsstillarane frontar ein moderne og berekraftig akvakultur der elektrifisering av drifta spiller ein vesentlig rolle. Ei slik tilnærming vil vere svært vanskeleg å realisere utan betydelege inngrep langs strandsona, og med det bryte med kommunen sine føringar vedrørande byggegrense mot sjø og inngrep nære inngrepsfrie naturområder (PBL § 1-8) [].
  • Då det er eit aukande fokus i næringa, blant politikare, og i ordlyden kommunen sjølv nyttar vedrørande elektrifisering og forventning til ny teknologi, ser vi på det som nærmast ei sjølvfølge at teknisk infrastruktur bør være realiserbar på framtidige lokasjonar. Angåande dei nemnte lokasjonane meiner vi det derfor kan bli potensiale for «å møte seg sjølv i døra».

Klima

  • Anlegg må nytte aggregat med fossilt brensel for å generere straum. Eit middelsstort anlegg slepp ut tilsvarande 70 personbiler eller 120 tonn CO2.

Næringsutvikling

  • Antall arbeidsplassar vil auke, men med selskap lokalisert utanfor kommunen vil dette bli begrensa. Større delar av driftsoppgåvene kan fjernstyrast og det trengs personell berre til naudsynt vedlikehald. Den daglege leiinga, kjøp/sal, teknisk kompetanse, slakteri og andre sentrale roller kan vere lokalisert over alt i verda og vil mest truleg ikkje ligge i Stad.
  • Etablering av oppdrettsanlegg vil naturlegvis forringe den visuelle opplevinga av det vestnorske fjordlandskapet, som er ein av Stad kommune sine fremste merkevarer, og med det bidra negativt i framtidig satsing innafor turistnæringa. I tillegg meiner vi beslag av sjøareal kan gjere turistaktivitetar relatert til sjø mindre tilgjengelege og attraktive.


Anna

  • Å bygge oppdrettsanlegg på land vil redusere og fjerne mange av problema, og potensielt kunne skape fleire arbeidsplassar i området. Vi meiner det bør leggast til rette for fleire anlegg på land. Dette er under sterk oppblomstring og det byggast no fleire anlegg med kapasitet til 10 000 tonn laks.
  • Eksisterande planar og reguleringar for infrastruktur i området, til dømes «Nordfjordbrua» mellom Lote og Anda, bør også tas med i ein heilhetsvurdering. Vi meiner at totalbelastninga i området frå anleggs- og næringsvirksomhet vil bli uakseptabel høg om det leggast til rette for omfattande inngrep i begge himmelretningar i lang tid framover.
  • Terrenget ovanfor begge felta er bratt frå strandsona og opp, og områdane ligg innafor aktsomhetssonane for både jordras, steinsprang og snøskred. Det er også dokumentert fleire skredhendingar frå dei same fjellpartia over fleire år. Snøskredet som gjekk over oppdrettsanlegget utafor Alta nyleg minner om risikoen for skader på menneske, dyr og materiell, samt potensiell rømming av enorme mengder fisk, ved plassering av anlegg i skredfarleg terreng.

Oppsummering

Vi ønskjer ikkje at det skal bli lagt til rette for akvakultur ved Lote/Lotestranda. Dette på grunn av argumenta ovanfor pluss argumenta til KU.


Arild Lote Henden (90727106) og Henrik Tryggestad Koi (41222838)    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Arild Lote Henden (90727106) og Henrik Tryggestad Koi (41222838) fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke denne informasjonen offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...