Uttale vedrørande sak 20/1318 - Åseskjæret - offentleg ettersyn av kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune 2021-2031

Uttalelsen gjeld for området Utfjorden aust for Åseskjæret (VA57).

Ved å signere oppropet støttar du uttalelsen som er utarbeida i eiga dokument med samme tittel, og som i korte trekk underbygger og supplerer konsekvensutredningas konklusjon om at lokasjonen er uegna og uønska til akvakulturformål/fiskeoppdrett. Heile uttalelsen er kopiert inn nedanfor. 

Skriv gjerne inn din adresse/gardsnummer i kommentarfeltet for å framheve lokal tilhøyrsel (om relevant). 

Takk for di støtte!

Venleg helsing,

Arild Lote Henden og Henrik Tryggestad Koi

-----------------------------------------------------

Uttale vedrørande sak 20/1318 – Offentleg ettersyn av kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune – 2021 -2031


Dette er ei uttale gjeldande for følgande felt:

  • Utfjorden, aust for Åseskjeret (VA57)

Oppsummering frå KU er at Utfjorden, aust for Åseskjeret er ikkje tilrådd til laks. Dette med bakgrunn i avstand til eksisterande oppdrett, låssettingsplassar og laksefjord.

Vi støttar oss til KU sine tilrådingar om å ikkje legge til rette for akvakultur aust for Åseskjeret (VA57). Vidare vil vi supplere opplysningane og argumenta til KU.

Freda område, Åsane naturreservat

  • Dette er eit freda område og i foreskrifta for fredinga av Åsane naturreservat med ikrafttredelse 19.06.2009 står det blant anna flg:
  • Pkt 2: Dyrelivet, medrekna reirplass og hiområde, er freda mot skade, øydlegging og unødig uroing.
  • Pkt 3: Det må ikkje setjast i gang tiltak som kan endre naturmiljøet. Gjeld blant anna framføring av luftledningar, jordkablar osv. sjå dokument henvist til:
  • Foreskrift om Åsane naturreservat. Vedlegg 2, Freding av Åsane naturreservat, Eid kommune.

Naturmangfald

  • Områda er plassert rett ved beitemark for hjort. Dette har vore vinterbeite i lange tider og har vore ein plass med hjort lenge før hjort var å sjå på innmark. Ein fordel med dette vinterbeite er at hjorten som er i dette område påfører lite eller ingen belastning på innmark. Området er solrikt på vinterstid og våren, og nytt beite kjem svært tidleg. Støy og lys kan føre til at hjorten flyttar seg til andre stadar, noko som vil vere uheldig for bønder og hjorten.
  • Støy og lys frå anlegget vil skape problem for dyra i området, både på land og i sjø. Normalt er dette eit stille område, for menneskeleg aktivitet, med unntak av bilvegen mellom Lote og Hennebygda.
  • Lydforureining er ein trussel mot livet i havet - Fjordenes Tidende (fjt.no)

Fiskeinteresser/marine ressursar

  • Felta ligg i vandringsvegen for laks til Strynevassdraget (NMBU, MINA fagrapport 61 av Thrond Odvar Haugen, Henning Andre Urke og Torstein Kristensen, 2019, ISSN 2535-2806), Loelva og Oldeelva. Fare for smitte av laksesjukdommar og lakselus til villfisk er høg.
  • Bestanden av vill aure i Strynevassdraget er spesielt trukket fram som så lav at uttrykk som «urovekkjande» og «rekrutteringsbegrensa bestand» er nytta. (NMBU, MINA fagrapport 48 av Henning Andre Urke, Thrond Odvar Haugen, Gaute Kjærstad og Jo Arve Alfredsen, 2018, ISSN 2535-2806).
  • Området har hatt problem med lite fisk i nyare tid. Dette etter fiskebåtar fiska opp store mengder fisk tidleg på 2000-talet og endra mengde aure og laks i fjorden av ukjent årsaker. Det er også eit problem at mange av fjordfiskane ikkje vandrar, dette gjeld blant anna kysttorsken. Dei er dermed ekstra sårbare for overfisking og øydelagde habitat.

Vassmiljø

  • Stor genetisk endring er påvist i om lag halvparten av den ville laksebestanden, tilstanden er derfor vurdert å vere dårleg.
  • Robustheit mot innkryssing er vurdert som dårleg.

Kulturminne og kulturmiljø

  • Der er kjente kulturminne ved Lassehuset, her har store mengder skog blitt henta frå ovanfor Kvitefjellet og løypa ned via Preikestolen for så blitt saga, kløyvd, stabla,tørka og så lessa på båtar som gjekk til kysten og Bergen.

Landskap

  • Vi meiner at den negative visuelle effekten som oppdrettsanlegg medføra vil gjere området mindre attraktivt for turistar.
  • Den same negative visuelle effekten vil også være gjeldande for dei rundt hundre årlege cruiseanløpa gjennom Nordfjorden.
  • Kommunen sitt positive og grundige arbeid rundt reiseliv og turisme i regionen trekker fram «oppleving av naturen», «oppleving av fjella» og «oppleving av fjordane» som særleg viktig for både norske og internasjonale turistar, strategi-for-reiseliv.pdf (stad.kommune.no). Vi ønskjer å bevare og verne om den gode nuturopplevinga for turistane som kjem langs Panoramavegen, kjem med fritidsbåtar, kanoar, kajakkar eller om ein er bord på cruiseskipet innover fjorden.
  • Naturopplevingane er sjølvsagt like viktig for alle som bur i området òg.

Nærmiljø og friluftsliv

  • Lys og støy vil skape ei belastning for dyr. Forsking viser at både dyr og fisk blir påverka av støy. Området langs denne stranda er mykje brukt av fritidsfiskarar.

Teknisk infrastruktur

  • Teknisk infrastruktur er som kjent fråverande på foreslåtte lokasjonar. For ein moderne og berekraftig akvakultur, der elektrifisering av drifta spiller ein vesentlig rolle, vil vere svært vanskeleg å realisere utan betydelege inngrep langs strandsona, og med det bryte med kommunen sine føringar vedrørande byggegrense mot sjø og inngrep nære inngrepsfrie naturområder (PBL § 1-8). Dette landområde er i tillegg freda, sjå §3 vernereglar pkt 3 i foreskrifta for Åsane naturreservat.
  • Då det er eit aukande fokus i næringa, blant politikare, og i ordlyden kommunen sjølv nyttar vedrørande elektrifisering og forventning til ny teknologi, ser vi på det som nærmast ei sjølvfølge at teknisk infrastruktur bør vere realiserbar på framtidige lokasjonar. Angåande dei nemnte lokasjonane meiner vi det derfor kan bli potensiale for «å møte seg sjølv i døra».

Klima

  • Anlegg må nytte aggregat med fossilt brensel for å generere straum. Eit middelsstort anlegg slepp ut tilsvarande 70 personbiler eller 120 tonn CO2.

Næringsutvikling

  • Antall arbeidsplassar vil auke, men med selskap lokalisert utanfor kommunen vil dette bli begrensa. Større delar av driftsoppgåvene kan fjernstyrast og det trengs personell berre til naudsynt vedlikehald. Den daglege leiinga, kjøp/sal, teknisk kompetanse, slakteri og andre sentrale roller kan vere lokalisert over alt i verda og vil mest truleg ikkje ligge i Stad.
  • Etablering av oppdrettsanlegg vil naturlegvis forringe den visuelle opplevinga av det vestnorske fjordlandskapet, som er ein av Stad kommune sine fremste merkevarer, og med det bidra negativt i framtidig satsing innafor turistnæringa. I tillegg meiner vi beslag av sjøareal kan gjere turistaktivitetar relatert til sjø mindre tilgjengelege og attraktive.

Anna

  • Å bygge oppdrettsanlegg på land vil redusere og fjerne mange av problema, og potensielt kunne skape fleire arbeidsplassar i området. Vi meinar det bør leggast til rette for fleire anlegg på land. Dette er under sterk oppblomstring og det byggast no fleire anlegg med kapasitet til 10 000 tonn laks.
  • Eksisterande planar og reguleringar for infrastruktur i området, til dømes «Nordfjordbrua» mellom Lote og Anda, bør også tas med i ein heilhetsvurdering. Vi meiner at totalbelastninga i området frå anleggs- og næringsvirksomhet vil bli uakseptabel høg om det leggast til rette for omfattande inngrep i begge himmelretningar i lang tid framover.

Vi ønskjer ikkje at det skal bli lagt til rette for akvakultur ved Åseskjeret. Dette på grunn av argumenta ovanfor pluss argumenta til KU.

 

 


Arild Lote Henden og Henrik Tryggestad Koi    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Arild Lote Henden og Henrik Tryggestad Koi kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Merk at du ikke kan bekrefte signaturen din ved å svare på denne meldingen.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...