Støtt frilansfotografar i kampen for ei løn å leve av!

Sidan 1. mai 2018 har rundt 30 fotojournalistar vore i konflikt med dei store avisene i Oslo. Målet er å løfta honorara opp på eit anstendig nivå.

Fotofrilansarane har takka nei til å levere til sosial dumpingpris i håp om at motparten ville setje seg ned ved forhandlingsbordet.  

Frilansarar har ingen tariffavtale og dermed ingen tilgang til ei streikekasse. Likevel har dei stilt seg solidariske med kvarandre og for dei fast tilsette. Resultatet er no at mange har hamna i ein prekær økonomisk situasjon.

NJ Frilans har starta ei økonomisk støttekampanje på Spleis.no, og utfordrar NJ, klubbar, lokallag, fagforeningskollegaer og andre å støtte der.

Signer dette oppropet, og du gir frilansfotografane pågangsmot og krefter til å halde fram kampen. Samstundes som pengefolket i dei store avisene får signal om at dei vil tene mest på å oppføre seg anstendig i arbeidslivet.

Helsing styret i NJ Frilans

kyrre_foto2.jpg

 

Signer dette oppropet


ELLER

Din e-postadresse vil ikke bli publisert på vår side. Uansett, så vil forfatteren av underskriftskampanjen se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Facebook