Nei til storskule

Ørsta kommune ønskjer å samle 5-7.klasse frå heile kommunen på ein felles storskule i sentrum. Dette er kritikkverdig grunna mellom anna:

  • Lang skuleveg med opptil 50 minutt per veg for skuleborna
  • Enda eit ledd i skulegongen med ny tilvenning for skuleborna, både i forhold til skuleordning og sosialt. Dette kan gå utover konsentrasjon og læringsmiljø.
  • Førsteklassingar på gjenverande skule mistar ei trygg fadderordning
  • Kan føre til full nedlegging av bygdeskulen.
  • Mindre skuletilbod gir mindre vekst på bygdene og auka fråflytting
  • Mindre lærarstillingar på bygdeskulen og dårlegare fagmiljø
  • Lokale idrettslag og andre lag kan verte nedlagde
  • Større elevtal som kan gi mindre kontroll på mobbesaker
  • Mistar tryggleiken i å ha eit nært fellesskap til dei som bur på bygdene/i det lokale nærmiljøet
  • Venskap på tvers av klassetrinn vert brotne

Sei nei til felles storskule i Ørsta sentrum, og ja til å tenke på borna framfor økonomi - og heller bevare bygdeskulen med eit trygt og nært læringsmiljø!