Nei til stenging av Fretex-butikken på Voss.

Det er veldig viktig å bevare Fretex- butikk på Voss av fleire grunner:

1. Butikken har ein viktig funksjon i livet til familiar og enkeltpersonar som av ulike grunnar ikkje har så romslig økonomi. Her kan dei få kjøpt ting som dei ellers kanskje ikkje ville hatt råd til.

2. Butikken er en viktig kanal for gjenbruk i Vossabygda. I staden for å verta kasta, får mange ting ei forlenga levetid til nytte og glede for andre, i tillegg til miljøgevinsten.

3. Butikken er det ein viktig sosial arena, møteplass for folk på tvers av generasjonar og etnisitet.