NEI til nedlegging av Snoezelen-tilbodet, ved Ulstein Komp.senter

NEI til nedlegging av Snoezelen-tilbodet, ved Ulstein Kompetansesenter!

Snoezelen: Eit stimulerande miljø. Ei metode brukt til oppleving, utvikling og læring. Eit roleg, oversiktleg, attkjennande og difor ein trygg arena og trene i. Multisensorisk miljø med lyd, lys, vibrasjon, vatn, lukt, smak, massasje, berøring. 

Snoezelen betyr: Å snuse dvs. aktiv handling og å døse dvs. avspenning, regulere og dempe på inntrykk og uro. Stimulerer alle sansar og legg spesielt vekt på ledd- muskel - og balanse-sansane og den taktile (berøring) sansen. Grunnleggande trening for vidare læring. Eit stimulerande miljø for språk, kommunikasjon og samspel.

Dette tilbudet har no Ulstein Kommune lagt fram forslag om å legge ned for å spare penger.

I dette miljøet får brukarane uvurderelig opplæring, trening, stimuli, sansing og resultatet blir bedre livskvalitet. Det ser vi foreldre kvar dag.

12/12-13 skal Kommunestyret ta stilling til om dette tilbudet skal takast vekk ifrå dei som allereide har nok utfordringar i livet. Vi som foreldre kan ikkje berre sitte og sjå på at det tilbudet blir teke vekk ifrå barna våre.

Støtt oss gjerne med din underskrift og del med din venner og bekjente!

Tusen takk!