Nei til Avvikling av Helsetilbud ved Haram Omsorgssenter
RASERING AV INSTUTUSJONSTILBUDET VED HARAM OMSORGSSENTER I BRATTVÅG !!
Som mange no har fått med seg gjennom media er det blitt lagt fram forslag om å stenge ei heil avdeling (25 plasser) eller stenge heile omsorgssenteret som eitt ledd i innsparinger i kommuna. saka blir endeleg avgjort 11.03.
Saka kom som ei bombe på oss alle ansatte ved Haram Omsorgssenter i går. Her har det blitt jobba stille !! Vi er sjokka og lei oss på vegne av pasientane, pårørende og våre kollegaer.
Korleis dei tenker at dette er gjennomførbart skjønner vi ikkje.
Så mykje kompetanse som er opparbeida for å yte best mogleg pleie og omsorg, rehabilitering så dei kan få kome heim og ikkje minst har VI høg kompetanse på å gje ganske avansert pleie/behandling for å unngå så langt som råd sjukhusinnleggelser.
Håper dei ansvarlege ser at dette er rasering av tilbudet til våre eldre.
Hildegunn Metcalfe Kontakt personen bak underskriftskampanjen